— Me har kjøpt 70 mål av kommunen på Skaganeset. Det var føresett at arealet kunne nyttast til næringsverksemd. Dersom me ikkje får nytte områda me har kjøpt, har me ein uavklart situasjon med kommunen, seier Arne Njøten, styreformann i Sotra Steinindustri AS.

Sund kommune har lenge arbeidd med ny reguleringsplan for Skaganeset, for å utvide industriområdet. Planen er utarbeidd i samråd med fylkeskommunen og fylkesmannen, men no har Riksantikvaren sett ein stoppar for det vidare arbeidet.

Kompensasjon

— Det er klart det har økonomiske konsekvensar for oss dersom me ikkje kan bruke areala. Det tyder at me ikkje kan utnytte området slik me har tenkt, seier Njøten.

Han meiner at verksemda har krav på erstatning frå kommunen dersom vernestyresmaktene får viljen sin. Njøten er klar over at kommunen ikkje kan rå med at Riksantikvaren krev vern om landskapet. Likevel meiner han at kommunen no vil få eit leveringsproblem.

— Me ønskjer ein dialog med kommunen om kompensasjon, seier Njøten.

- Tek resultatet på forskot

Ordførar Albrigt Sangolt i Sund er derimot ikkje samd med Njøten om at kommunen pliktar å betale erstatning.

— Eg kan ikkje sjå at kommunen kan stille med økonomisk kompensasjon. Me kan ikkje gjere noko med at det er andre interesser i eit område som me på førehand ikkje visste om, seier Sangolt.

Han viser til at det er Riksantikvaren og ikkje kommunen som har sett foten ned.

Sangolt meiner samstundes at situasjonen på Skaganeset ikkje er fastlåst. Han peiker på at det no vil verte drøftingar mellom kommunen og Riksantikvaren.

— Me må likevel ikkje ta resultatet på forskot. Me skal ha ei drøfting med Riksantikvaren. Eg håpar me kan finne ei løysing som ivaretek alle interesser, både når det gjeld landskapsvern og industri, seier Sangolt.

Avgjerande høgdetoppar

Hjå Riksantikvaren peiker Margrete Tviberg på at landskapet kring Kvalvågen er viktig å bevare, i den samanhengen også høgdetoppane på Skaganeset.

— Den spesielle kvalfangstmetoden i Kvalvågen var avhengig av toppane rundt. Difor er det viktig at dei vert verna. Forsvinn dei, vert det vanskeleg å formilde den unike kvalfangsten som gjekk føre seg her, seier Tviberg.

Riksantikvaren har enno ikkje vurdert om dei vil gå vidare med det faktum at åtte av seksten buplassar frå steinalderen alt er fjerna etter utviding av industriområdet.

Styreformann Arne Njøten avviser at Sotra Steinindustri har ansvar i denne samanhengen. Han kjenner seg provosert etter artikkelen i Bergens Tidende torsdag.

— Det verkar som om det er me som utbyggjar som har gjort noko gale. Alt me har gjort er gjort i samråd med kommunen. Det er politikarane som har bestemt at Skaganeset skal vere industriområde, seier Arne Njøten.

TOR HØVIK