Aktor Benedicte Hordnes får medhald av Sunnhordland tingrett i kravet om at 30-åringen som var med på mishandlinga får samme straff som 20-åringen som tok initiativet. Dei må sona fire og eit halvt år i fengsel. Dei to blir óg dømde til å betala 420.000 kroner i oppreisning— og meinerstatning til den 68 år gamle mannen som i mars i fjor blei utsett for langvarig og massiv vald.

Sjølv om jeg trådte ein pose over hovudet hans, så var du med og slo han, mens det var ein pose over han.

Frå mobilopptaket

— Det er også bra at begge er dømde for lekamskade under særs skjerpande omstende, seier aktor i straffesaka, statsadvokat Benedicte Hordnes.

20-åringen og 30-åringen konstruerte overfor politiet ei løgnhistorie om at 68-åringen hadde forlate festleiligheten frivillig, og at dei seinare på natta tilfeldig fann han sterkt skadd i terrenget. Først elleve månader seinare vedgjekk dei bløffen overfor omgangsvener. Tilståinga blei teken opp på mobiltelefon og overlevert Kvinnherad lensmannskontor, som deretter fekk valdsutøvarane varetektsfengsla.

Og du var med og drog han gjennom skogen og du var med og sparka han.

Frå mobilopptaket

— Uansett om dei er kameratane våre eller ikkje, dei bør få straffa si for ei ugjerning som dette. Det var viktig for oss som kameratar at sanninga kom for ein dag, har Tore Medhus (30) og Ronni André Nesse (24) tidlegare sagt til BT. Dei er omgangsvenene som avslørte voldsmennene.

Dårleg samvit

LØYSTE SAKA: Tore Medhus til v. og Ronni André Nesse fekk tilståinga ut av valdsutøvarane på Husnes og leverte bevismateriale til politiet.
Ove A. Olderkjær

Nesse og Medhus var invitert heim til 30-åringen på Husnes. Verten hadde tydeleg dårleg samvit for eitt eller anna. Litt seinare blei også 20-åringen invitert dit. Samtalane utvikla seg til ein krangel mellom verten og 20-åringen om kva som hadde skjedd med 68-åringen nesten eitt år tidlegare.Litt etter litt kom sanninga fram, og til sist gav 20-åringen som tok initiativ til valdshandlinga full tilståing som blei teken opp på mobil.

— Vi er langt frå imponerte av politiarbeidet. Dei burde skjøna alt frå starten at her var noko gale, seier Tore Medhus.

Trudde på differensiering

Hordnes bad om fem år og tre månaders fengsel for dei tiltalte Husnes-mennene. Tingretten har gitt større tilståingsrabatt enn det aktor syntes valdsutøvarane fortener. 30-åringen sin forsvarar, advokat Steinar B. Yndestad argumenterte sterkt for at klienten måtte få ei mildare straff enn 20-åringen, som han hevda pressa den ti år eldre kameraten til å bli med på ugjerninga.

Eg tok han i ene hånden, han i den andre. Vi drog han ned til skogveien, ned til krysset.

Frå mobilopptaket

— Eg hadde trudd at retten ville differensiera straffene noko. No skal eg drøfta dommen med klienten før vi tek stilling til ein anke, seier Yndestad. 20-åringen sin forsvarar, advokat Sverre Olav Handeland seier til avisa Kvinnheringen at han ikkje vil anka.

Mishandlinga av 68-åringen skjedde i og utanfor leiligheten til 30-åringen på Husnes natt til 24. mars i fjor. Begge tiltalte vedgjekk straffeskuld i tingretten sist veke. Dei vedgjekk å ha plassert ein plastpose over hovudet på den eldre gjesten i huset, slege og sparka han i andletet og på kroppen. Etterpå tok dei mannen med seg bortover ein gangsti og heldt fram med å slå han, for til sist å dumpa han bevisstaus utanfor ei vegskråning.

Tilkalte ambulanse

20-åringen og 30-åringen gjekk deretter tilbake i leiligheten og drakk alkohol, før dei returnerte og tilkalte ambulanse til den eldre mannen dei hadde festa med tidlegare på kvelden. Motivet for 20-åringen sitt åtak på mannen var ifølgje kameraten si rettsforklaring at 68-åringen tidlegare skulle ha prøvd å kyssa 20-åringen sin ekskjærast, noko både 20-åringen og jenta nekta for i retten.

Og når vi hadde slått han ihjel, så kom du personlig på: «Vi ringer etter ambulanse.»

Frå mobilopptaket

68-åringen som tidlegare var ein sosial og aktiv mann, er etter mishandlinga blitt 60 prosent medisinsk invalid, ukonsentrert, inneslutta og nedstemt.

Legen som kom til åstaden meiner det var snakk om minuttar før mannen miste livet den kalde marsnatta. 68-åringen fekk blødning i og utanpå hjernen, og brotskader i hovudet og ribbeina. Han låg to månader på sjukehus, og forklarte i retten at han ikkje hugsar noko frå hendinga på Husnes.