Rein-Arne Golf ved Statens Naturoppsyn si avdeling i Aurland likar ikkje nemningar som Onkel Politi eller Politimeister Bastian. Men han vil heller ikkje framstå som streng handhevar av eit skrekkvelde.

— Sjølvsagt må det reagerast mot folk som røvar egg frå reira til freda fuglar, eller legg ut på ulovleg jakt eller fiske, men eg har mest tru på eit samarbeid mellom oppsynet og brukarane av dei freda områda, seier Golf til Bergens Tidende.

Samarbeid

Han er overtydd om at samarbeidslina best kan fremja forståing for vernereglane. Når folk innser at reglane er innført for å ta i vare fornuftige føremål, blir dei også meir lovlydige. Enkelte reglar er heilt ukjende for brukarane. Til dømes gjekk det tre år før Fjord1 vart klar over at bøljer på over 30 fot gjorde skade på Kongevegen og andre kulturminne langs strendene. Frå 2002 vart innført åtte knops fartsgrense for båtar gjennom Bakkasundet i Nærøyfjorden. No får ferjeskipparane nok tid til å halda ruta utan å bryta fartsgrensa.

For folk som held grøne flekkar grøne, slår graset og hindrar attgroing er det premie å henta, Rein-Arne Golf fortel til BT at det er på tale å kanalisera desse pengane gjennom oppsynet sitt budsjett.

Ny status

Etter at store areal med fjord, fjell og brear i hans oppsynsområde kom med på UNESCO si verdsarvliste, er Golf innstilt på at det vert fylgt nøgnare med på kva som skjer. Den nye statusen gir i seg sjølv ikkje nye restriksjonar, men 96 prosent av arealet er frå før «råka» av fem ulike vernevedtak:

  • Nærøyfjorden landskapsvernområde, 575 kvadratkilometer.
  • Bleia - Storebotnen landskapsvernområde, 66 kvadratkilometer.
  • Bleia naturreservat, 22 kvadratkilometer.
  • Nordheimsdalen naturreservat, 13 kvadratkilometer.

n Grånosmyrane naturreservat, 3 kvadratkilometer.

  • Bleiklindi naturminne, eit «albino» lindetre, tvers over fjorden frå Bakka, som merkar seg ut med gule blad om våren, og grøne utover hausten. (Normal farge no om sommaren).

I tillegg er busette område på Stalheim, i Nærøydalen, Gudvangen, Undredal og på Breisnes med i UNESCO-området.