Justisdepartementet har enno ikkje greidd å bestemme seg for korleis dei skal organisere undersøkingane etter «Rocknes»-forliset. Sjøfartsdirektoratet foreslo for to veker sidan å setje ned ei større granskingsgruppe for å samordne arbeidet. Dei har ennå ikkje fått svar.

Mange frontar

Per i dag er granskinga fordelt på ei lang rekke ulike instansar, med vidt forskjellige mandat:

  • Politiet er sett til å etterforske om norsk eller internasjonal lov er brote, og har blant anna sendt navigasjonsutstyr frå brua og ein lastekalkulator til teknisk analyse. Dei har også gjort avhøyr med mannskap og andre involverte.
  • Sjøfartsinspektør John Ramsøy granskar forliset i samarbeid med politiet, og hadde ansvar for utspørjinga under sjøforklaringa. Ramsøy skal sende si innstilling til påtalemakta når han er ferdig med arbeidet, truleg i løpet av våren.
  • Flaggstaten Antigua og Barbuda har eit sjølvstendig ansvar for å granske ulykka. Dei har sett bort arbeidet til det tyske firmaet Marcare GmbH. Selskapets direktør har gjennomført eigne avhøyr med mannskapet i Bergen, men ventar elles på kva som skjer på norsk side.
  • Sjøfartsdirektoratet har sett ekspertane sine til å rekne på stabiliteten til MS «Rocknes». Resultatet av arbeidet er i første omgang tenkt til intern bruk i direktoratet.
  • Forsikringsselskapet Norwegian Hull Club driv si eiga gransking, med tanke på om det kan rettast krav mot ein eller fleire av dei involverte, for eksempel verftet som bygde båten eller dei som hadde ansvar for oppmerking av leia og kartverk.

Politiet er spent

Informasjonsrådgjevar Gunnar A. Johansen i Justisdepartementet sa i går til BT at dei ennå ikkje har bestemt seg for om det vil bli sett ned ei eiga «Rocknes»-gruppe.

— Det blir neppe klart denne veka, seier Johansen. Han vil ikkje kommentere kvifor det har tatt så lang tid å få avklart spørsmålet.

Både i politiet og i Sjøfartsdirektoratet ventar dei på eit svar.

— Vi er spente på mandatet. Dersom ei slik gruppe skal sjå på konstruksjonen av båten og den slags, er det ingen grunn for oss til å gå inn i desse spørsmåla. Slik sett vil avgjerda indirekte få innverknad på arbeidet vårt, seier politiinspektør Svein Erik Krogvold. Han leiar etterforskinga av forliset i Hordaland politidistrikt.

— Det hadde vore greitt å få ei avklaring, seier avdelingsdirektør Per Magne Indreeide ved lasteskipsavdelinga i Sjøfartsdirektoratet.

- Dei første dagane kritiske

Då MS «Sleipner» forliste i 1999, gjekk det berre fem dagar før ein eigen granskingskommisjon vart oppnemnt. For MS «Rocknes» vart det i staden halde ei tradisjonell sjøforklaring.

Sjørettsprofessor Erik Røsæg meiner uthalinga i «Rocknes»-saka viser kor viktig det er å få på plass ein fast kommisjon for gransking av ulykker til sjøs.

— Dei første dagane etter ei ulykke er alltid heilt kritiske. Dei rettslege avhøyra i ei sjøforklaring er ikkje eigna til å få fram alle opplysningar, seier Røsæg. Han meiner ein fast kommisjon vil ha både ekspertise og organisasjon til å ta tak i dei vesentlege spørsmåla med ein gong.

Forslaget om ein fast kommisjon ligg til vurdering i Justisdepartementet, og justisminister Odd Einar Dørum har lova å ta stilling til spørsmålet i løpet av året.