Ut av bilen steig to menn og ei kvinne, og gav seg til å urinere og kaste ting etter nokre kyr som stod like ved. Dyra vart skremt såpass at dei sprang til skogs.

Deretter plasserte dei ei ølflaske på biltaket, sette seg tilbake i bilen og forsvann.

Men politiet kjenner identiteten deira, opplyser politibetjent Torbjørn Thue til avisa Firda.

Det var mor hans som såg den mørke bilen kjøre inn på tunet ved 07-tida fredag. Han set lite pris på å få framande inn på tunet på denne måten, og har aldri opplevd liknande. Men gjennom bilnummeret har politiet bra peiling på kven dei tre er, fortel Thue til avisa.

Han har så langt ikkje formelt meldt saka til politiet.

Operasjonsleiar Eiar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt meiner at det i alle fall dreier seg om eit brot på dyrevernlova.