PER MARIFJÆREN

Klokka 14 torsdag var vatnet på sitt høgste, og gjorde at høskafta støvlar var nødvendig for dei som ville forsere langs Bryggen. Ikkje alle var budde.

Våt pubrunde

Joggesko, småsko og lærstøvlettar var håplaust, sjølv om mange prøvde å springe påfallande lettbeinte gjennom sjøvatnet på fortauet. Alle blei dei like søkkvåte på beina.

For ikkje å snakke om gjengen på fem som stakk innom fotballpuben Bosman sånn ved middagstider, og blei ståande i døra å sjå ut over det uoverstigeleg våte havet framfor terskelen. Dei snudde likegodt inn igjen, truleg til nye forfriskningar. Ein våt pubtur var det uansett.

God service

Men nokre veit alltid råd.

Som for eksempel Olav Tjosås frå Øystese, som såg ein sjø framfor seg etter eit tre kvarters besøk hos frisøren — midt i det lågaste området på Bryggen.

Da han gjekk inn, var det kun regnvått framfor frisørens dør. Etter klippen stod sjøvatnet til midt opp på fotgjengarleggene.

— Det er god service, for eg fekk låne to posar hos frisøren, tok dei på føtene og kom meg tørrskodd gjennom dei våtaste meterane, fortel Tjosås etter å ha vada gjennom sjøen på fortauet. - Det er bra service.

Og fleire andre måtte ty til same løysinga gjennom springflo og piskregn. Men nokre gav blaffen, lot det stå til og vassa i småsko gjennom vannmassane.

Enda høgare i dag

Vervarslinga på Vestlandet sendte torsdag ut varsel om ein vannstand i Bergen på 197 centimeter over nullpunktet på sjøkartet.

— Når det blir over 195 centimeter sender vi ut varsel om høg vannstand, fortelø statsmetereolog Harald Abildsnes, som ikkje rådar folk til å legge vekk slagstøvlane med det samme. For fredag blir det faktisk enda verre, skal vi tru prognosane.

— For fredag varslar vi faktisk enda litt høgare vannstand. 198 centimeter betyr at vatnet vil gå over det lågaste punktet på Bryggen nok ein gang, men det er jo framleis langt igjen til rekorden. Den er fra 1990, da vatnet stod 239 centimeter over nullpunktet.