No er hjelpepleiaren oppsagt frå stillinga si ved ein sjukeheim i Sogn. Både politiet og Helsetilsynet etterforskar saka.

– Vi har totalt tre ulike medisintjuveri under etterforsking i Sogn og Fjordane, opplyser politiadvokat Sissel Kleiven.

Skjedde minst tre gonger

Det var i vår dei falske tablettane vart oppdaga i doseringseskene til pasientar ved sjukeheimen i Sogn. Sobril-tablettane var da bytt ut med nokre svært likt utsjåande tablettar. Etter analyse viste dette seg å vere eit relativt ufarleg medikament, men med ein heilt anna verknad enn dei Sobril-pillane som pasientane skulle ha fått.

Sobril er eit roande medikament som også kan vere vanedannande.

Kommuneleiinga slo alarm. På eit allmøte i mars vart dei tilsette ved sjukeheimen orientert om saka. Etter møtet skal hjelpepleiaren overfor ein kollega ha erkjent å stå bak ombytinga. I eit brev til kommunen skriv hjelpepleiaren at det hele starta som ein spøk.

Kommunen skal ha dokumentert at hjelpepleiaren har gjort dette minst tre gonger, og gav vedkommande sparken på dagen. Vidare melde dei saka til politiet 20. mars.

– Fare for tryggleiken

Statens helsetilsyn vurderer no om hjelpepleiaren skal misse den offentlege autorisasjonen.

– Helsetilsynet i fylket vurderer at å byte ut medikament frå pasientane sine dosentar med eigne medisinar er ei uforsvarleg handling som kan vere til fare for pasienttryggleiken. Den viser også grov mangel på fagleg innsikt, og er ei åtferd som ikkje går saman med utføringa av yrket, skriv Fylkeslege Petter Øgar i sitt brev til hjelpepleiaren. Øgar poengterer at saka enno ikkje er fullgodt opplyst, men avsluttar brevet:

– Gitt at du har teke 15 mg Sobril frå pasientane sine dosentar og bytt desse ut med dine eigne tablettar, har du utført arbeidet ditt på ein fagleg uforsvarleg måte.

I tillegg til tap av autorisasjon, risikerer hjelpepleiaren også ein strafferettsleg reaksjon. Politiet veit ikkje når etterforskinga av denne saka er ferdig.

– Uforklarleg svinn

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane og politiet granskar i tillegg to andre medisintjuveri-saker.

Ein ambulansesjåfør i Nordfjord er mistenkt for medisintjuveri. Vedkommande er saman med ambulansepartnaren sin suspendert frå stillinga.

Ei sak ved Helse Førdes psykiatriske klinikk på Tronvik er også under politietterforsking.

– Vi oppdaga medisinsvinn og melde saka til politiet og Helsetilsynet i mai, opplyser direktør for psykisk helsevern i Helse Førde, Ole Christian Reusch.