Elvelaupet under fabrikken kan ta unna ekstremt store mengde vatn, men vert stoppa til dersom det kjem stein og lausmassar. Fleire ras frå dalsidene og ned i elvelaupet ovanfor det tettbygde området demde opp elva, og når vassmassane braut gjennom tok dei med seg store mengder stein og jord. I løpet av 5-10 minutt var heile laupet under fabrikkbygget frå 1900 fylt opp med ei slik kraft at delar av golvet løfta seg.

Verst utover kardemaskiner

Oppryddingsarbeidet etter flaumen er no godt i gang, men rasmassen som elva førte med seg stengjer enno det meste av elvelaupet under fabrikken. Desse massane må fjernast snarast råd, slik at ein ny periode med regn ikkje skal føre med seg meir vatn og skade innvendes.

Av inventar har det gått verst ut over kardemaskiner og elektriske motorar. Kardemaskinene har beslag som lett ruster. Men så langt vi kan sjå er det ikkje noko, korkje av bygg eller maskiner, som ikkje er mogleg å reparere til fullgod stand att.

Kommunen sikrar

Mykje slam og stein vart ført inn i fabrikken av vassmassane og det er et omfattande arbeid å fjerne dette for hand. Før ein måtte rømme lokala rakk heldigvis museet sine folk å opne dørene mot sjøen, slik at vatnet ikkje steig så høgt at hovudstraumtavla kortslutta. Ingen tekniske system eller alarmanlegg i bygga vart skada av hendinga.

Bergen kommune har starta sikringsarbeid i elvelaupet mellom husa ovanfor fabrikken. Her har vassmassane grave eit djupt hol i den steinsette elvebotnen, omlag 1,5 meter ned. Situasjonen lenger oppe i elvelaupet, ovanfor det tettbygde bustadområdet, skal være stabil med mindre det kjem tilsvarande nedbørsmengder. Bergen kommune arbeider med plan for sikring av området, slik at ein i framtida skal unngå slike hendingar.

Sjå fleire bilder hjå Norsk Trikotasjemuseum.

Mette Thomassen