Nabokranglar er for norsk nasjonalsport å rekne — men denne er høgst spesiell. For korleis ville du reagert dersom ein diger einebustad kom seglande inn fjorden - og vart ankra opp rett utanfor stovedøra di?

- Frekt

Arne Sunnarvik er ikkje i tvil om kva han meiner:

— Frekt og uhøyrt. Slikt går ikkje an. Eg tykkjer ikkje om å kome i media, men dette synest eg må fram, fortel grunneigaren frå Stavang i Flora kommune til avisa Firda.

For to veker sidan kom han heim frå jobb i Nordsjøen. Til hussjokk. Det heile toppa seg då eigarane rett og slett bolta fast farkosten i stranda som Stavang-karen eig.

— Eg var nede og ba dei fjerne seg. Men folka om bord held fram som om ingenting hadde hendt. Dei brukte bensinboremaskin for å få ned boltane, seier ein himmelfallen Sunnarvik.

No har han teke kontakt med politiet. Men dei meiner at dette er ein sak for kommunen.

— Hadde det dreia seg om eit ulovleg fiskegarn, ville dei ha kome med ein gong. Men ikkje i dette tilfellet - som er mykje meir graverande.

Naboprotest

Arne Sunnarvik er ikkje den einaste naboen som irriterer seg grøn over husbåten i fjæra. Også andre naboar og grunneigarar er opprørte. No har dei sendt protestliste til kommunen.

Ifølgje Firda vil Flora kommune be eigarane fjerne den høgst spesielle farkosten. Det lovar dei ansvarlege å gjere. Litt lenger ut i sundet.

— Dette blir ikkje ei permanent løysing. Vi flyttar båten så snart som råd er, men søkjer kanskje liggjeløyve litt lenger ut i fjorden, sier Eirik Ødegaard til bt.no. Han har førebels ikkje eigaransvar, men skal inn i eit selskap som skal drive utleige av husbåten.

— I ettertid ser eg at vi kunne løyst denne saka annsleis. Men eg trudde ikkje det skulle bli så mykje oppstuss, seier Ødegaard, som tror folk mest av alt reagerer på kor stor husbåten er.

— Det er eit uvant syn at hus flyt på sjøen, poengterer han.

- FREKT: Arne Sunnarvik kom heim og fann denne husbåten fortøya i strandlinja. Utruleg frekt, meiner grunneigaren.
FOTO: SIGURD LØSETH, FIRDA