I realiteten seier kommunane frå Gulen i sør til Selje i nord at ein riksveg langs kysten må prioriterast framfor lang tunnel under Vikafjellet.

I følgje transportplanen for Vestlandet som no er ute på høyring, skal denne indre korridoren følgje eksisterande riksveg 13 frå Stavanger til Odda og vidare nordover til Voss, Vik og Førde. Prosjektet inkluderer opprusting av vegen over Vikafjellet til heilårssamband. I Hordaland har samferdsleutvalet nyleg slutta seg til dette.

Seg sjølv å takke

Ordførar Trude Brosvik i Gulen meiner ytre delar av Sogn og Fjordane har eit skrikande behov for ein sambindingsveg. Ikkje minst er dette viktig i sørlegaste delen av fylket. Vegane som finst har dårleg standard og heng ikkje saman. For å kome nordover må folk reise inn i landet, noko som gjer det vanskeleg å få til utvikling.

— Sogn og Fjordane si vantande utvikling innan olje- og gass kan til ei viss grad tilskrivast liten vilje til å byggje god infrastruktur på kysten, seier Brosvik.

— Kven er det som har synt liten vilje?

— Vi snakkar om både fylkes- og riksvegar. Men i begge tilfelle er det fylkespolitikarane som prioriterer.

— Så Sogn og Fjordane har seg sjølv å takke for at kystområda slit?

— Eg trur nok vi har vore for smålåtne. Då det blei valt å leggje lina for E39 gjennom Sogn og Fjordane inn i landet, blei det lova gode sambindingsvegar frå kysten og innover. Dei vegane har vi ikkje sett mykje av i Ytre Sogn og Dalsfjordområdet. Det er eit stort potensial for næringsutvikling langs kysten. Men skal vi få dette til, er det heilt nødvendig med enklare sambinding, seier ordføraren.

Feil prioritering

I den felles fråsegna frå kystkommunane i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord kjem det ikkje til å bli teke direkte til orde for å prioritere ein kystveg framfor tunnel under Vikafjellet. Men utspelet kan fort føre til at dei to sambanda i siste instans blir stilte opp mot kvarandre.