— Vegstellet driv politikk. Det skal politikarane gjera. Vi vil har forsikringar om at restriksjonane ikkje er ledd i ein prosess som fjernar stamvegstatusen for E134, seier dagleg leiar i Haukelivegen AS, Bjørge Skårdal.

Styret for Haukelivegen AS har reagert på at Vegstellet vil handheva forbodet mot høge bilar i tunnellane på Haukelivegen, men ikkje på Kyststamvegen og E16 mellom Bergen og Oslo.

— Difor vil dei ha statsråden inn på teppet?

— Ikkje inn på teppet, men inn i biletet. Det må finnast løysing på det akutte problemet, og vi vil nytta høvet til å drøfta meir langsiktige tiltak for å betra trafikkåra mellom aust og vest over Haukeli. Den har eksistert i 40 år og vorte viktig for næringslivet på begge sider, seier Skårdal.

Han trur ikkje at statsråd Skogsholm vil legga seg borti detaljar som vegskilting og politimelding av ulovleg køyring, men ho kan fortelja vegstellet at dei ikkje må driva forskjellsbehandling og leia trafikken til sine favorittvegar ut frå politiske motiv.

Haukelivegen AS vil påpeika overfor statsråden at Vegstellet finn pengar til utbetring av andre vegar, men ikkje vegen over Haukelid.

— Også vi meiner det ikkje skal vera lovlaust og trafikkfårleg i tunnelane, men det må finnast andre løysingar enn å stenga vegen for høge bilar, seier Skårdal.

Lastebilnæringa har gjort framlegg om at dei høgaste bilane kan slusast gjennom tunnelane til faste tider på døgeret. Det må då vera stengt for annan trafikk, slik at dei kan køyra midt i vegen, der takhøgda er størst. Denne løysinga er buss-selskapa skeptisk til. Bussane kan få problem med å halda ruta. Nedsett fartsgrense til 60 km/t synest det å vera brei aksept for.

Distriktsvegsjef Arnfinn Ansok på Voss opplyser til Bergens Tidende at eit utval vurderer tiltak som betre skilting og fjerning av den gule midtstripa, men ser det ikkje som sannsynleg at ulovleg høge bilar får sleppa gjennom.