I går kom det fram at bombing frå lufta krev ei tryggleikssone som kan verta like stor som sjølve skytefeltet, om lag på storleik med Os kommune.

Kan verta droppa

Oberstløytnant Per Siem, som er Forsvarsbygg sin prosjektleiar seier til Bergens Tidende at prosjektet vert droppa dersom ein ikkje kan halda seg innanfor området som er avgrensa av Bergensbanen, Flåmsbana og E16. Då kjem ein i same situasjon som på Hjerkinn, der skytefeltet er inneklemt, mellom anna mot E6, og må fråflyttast.

I staden kjem det nye regionskytefeltet for Austlandet, men der har Stortinget lova at det ikkje skal bombast frå lufta. Mjølfjell framstår som einaste alternativ i Sør-Noreg.

— Utfordringa er å få til ei sambruksordning der øvingane kan tilpassast andre brukarar. I alle fall har vi fått i oppdrag å utgreia dette, seier Siem til Bergen Tidende.

Blir tiltaket gjennomført, tidlegast i 2007, er det ingen tvil om at Grindaflethytta (Voss Utferdslag/DNT) ikkje kan brukast i 20-25 veker i året.

— Er det aktuelt med oreigning?

— Prosjektet sin policy er å finna minnelege løysingar.

Låg profil

Dei frammøtte forsvarsvenene heldt ein låg profil i debatten. Til gjengjeld retta ei endelaus rekke av motstandarar tung skyts mot dei militære. Hytteeigarane kunne lova enda hardare skyts dersom eit tilsvarande møte vert lagt til Bergen.

Innvendingane dekka eit breidt spekter; reiseliv, næringsliv, miljø, dyreliv, vassforsyning og hytteverdiar. Konflikten med Nærøydalen Landskapsvernområde, som miljøvernminister Børge Brende skal opna offisielt på Styvi 28. mai stod også sentralt. Likeeins det enda større området som Regjeringa har søkt plass for på UNESCO si liste over verdas kulturarv.

Guri Istad, Voss SV, tok fråstand frå samalikninga med eit klasserom. Der lærer ein ikkje å bomba verna natur. Og ho ville vita kven som har ansvaret dersom den turgåande bestemora hennar skulle bli bomba ved eit mistak.

Ei skam

Kåre Lie og Ruth Jørgensen ved Mjølfjell UH og hytteeigar Per Jon Odéen forlangte planarbeidet avslutta straks. Forsvaret har funne det mest konfliktfylte området som finst på kartet for Sør-Noreg. Interesser kan setjast opp mot kvarandre. Når kverna har gått sin gang, og Forsvaret har brukt millionvis på utgreiingar, har dei vunne utmattingskrigen.

Ingjerd Anda i Voss og Fjordane Guideservice viste til at frykt, velgrunna eller ugrunna, er til stor skade for reiselivet. Ordet bombing skræmar bort turistane. Lokalpolitikar Ivar Lunde meinte det var ei stor skam at Forsvaret kjem med dette framlegget etter å ha lagt ned nesten alle arbeidsplassane sine på Voss.

Oberstløytnant Siem kunne gleda enkelte i forsamlinga med at han no har gitt grønt lys for hyttefelt i Haugslia ved Stalheim, og at det ikkje vert helikopterlandingsplass ved Mjølfjell leir, der ein ny butikk vert reist på nabotomta. Men ikkje alle likte at landingsplassen i staden vert ved Groajuvet. Av tryggingsomsyn må skarpe våpen festast til helikopteret inne i skytefeltet.

Frå Luftforsvaret vart det gjort klart at landet treng øvingsfelt for fly, og ingen kommune vil stilla med eit område frivillig. Skal ein venta på lokaldemokratiet, må ein venta lenge, vart det sagt.

TUNGT SKYTS: Alle som tok ordet i på folkemøtet om Mjølfjell skytefelt i Kulturhuset Fraktgodsen i går kveld kritiserte Forsvaret, men ikkje alle frammøtte er forsvarsfiendar. I framgrunnen frå venstre Nils Arne Hereid og Hans Gåsdal.<br/>Foto: RUNE SÆVIG