Det er konklusjonen til Kystverket, Det interkommunale utvalet mot akutt forureining (IUA) og dei aktuelle kommunane, melder Kystradioen.

I sluttrapporten går det fram at oppreinskingsarbeidet og naturen sine eigne prosessar har gitt gode resultat.

Dei få synlege oljerestane var tørre og representerterer difor ikkje lenger nokon risiko for omgivnadene. Leiar av IUA, konstituert hamnedirektør Gunvald Isakse, seier til Kystradioen at det er nokre mindre spor etter olje under steinar i strandona, men dette vil over tid fjerna av naturen. Av totalt 180 arbeidsposisjonar blei 19 posisjonar plukka ut til synfaring.

"Rocknes" forulukka 19. januar i fjor.