— Ei fin oppmuntring, seier primus motor Atle O. Bolstad til Bergens Tidende, sjølv om tilskotsbeløpet er skarve 15.000 kroner, ikkje stort meir enn rimeleg timebetaling for å skriva søknaden, med all dokumentasjon som trengst.

Pengane går til å lage undervisningshefte saman med elevane ved Rongen skule. Turid Mykkeltveit ved skulekontoret på Voss, gjort mykje førehandsarbeid, og Bolstad trur heftet blir klart ganske snart. Til våren vonar han å vera oppe med eigne internettsider også.

Men det er langt att til Flåtemuseet er i den stand Atle O. Bolstad ynskjer det. Sjølv om han held brukbar vegtilkomst utanom - den må kommunen løysa saman med Jernbaneverket - har han prosjekt på godt over 100.000 kroner.

— Vi søkte om 95.000 kroner, røper han overfor Bergens Tidende.

Men han har forståing for at det vart små porsjonar når det kom inn heile 56 søknader, og potten dertil vart redusert. Dei 56 søknadene representerer stor arbeidsinnsats, men dei aller fleste resulterte i småpengar.

— Vi får vera glade for at vi kom med, og at vi har eit passeleg lite delprosjekt å bruka pengane til. Det hadde vore verre til dømes med 15.000 kroner i tilskot til landgangsbryggja, som vi ikkje tør gå i gang med før ho er fullfinansiert, seier Bolstad.

Han meiner det er viktig å ta vare på minnene etter Vossahandelen, der skogsbøndene på Voss leverte tømmeret, bondetømrarane på Osterøy stod for byggearbeidet og hussøkande borgarar i Bergen var avtakarar.