— Det var viktig for oss som kameratar at sanninga kom for ein dag, seier Tore Medhus (30) og Ronni André Nesse (24).

Saman med ein tredje kamerat greidde dei å avsløra overfor politiet at to kjenningar av dei på Husnes stod bak dei nesten dødelege skadane ein 68-årig mann elleve månader tidlegare.

Dei fekk ein 20-åring og ein 30-åring, som no er tiltalte for ugjerninga, til å vedgå forholdet. Tilståinga blei teken opp på mobiltelefon og overlevert politiet, som til då ikkje hadde greidd å avsløra løgnhistoria til 20-åringen og 30-åringen om at den eldre uføre mannen var utsett for ei fallulukke.

Krev fem år og tre månader

I går la aktor i straffesaka mot dei to, statsadvokat Benedicte Hordnes, ned påstand om fem år og tre månader fengsel for begge mennene som denne veka har stått tiltalt og erkjent straffeskuld i Sunnhordland tingrett. Den 68 år gamle mannen sin støtteadvokat, Sigrid A. Cabot, kravde dei for 300.000 kroner i oppreisningserstatning og 400.000 kroner i meinerstatning.

Offeret fekk hjernebløding og andre alvorlege skader som sette han ut av stand til å hugsa noko som helst frå episoden.

Dårleg samvit

Nesse og Medhus var invitert heim til 30-åringen på Husnes. Verten hadde tydeleg dårleg samvit for eitt eller anna. Litt seinare blei også 20-åringen invitert dit. Samtalane utvikla seg til ein krangel mellom verten og 20-åringen om kva som hadde skjedd med 68-åringen nesten eitt år tidlegare.

Litt etter litt kom sanninga fram, og til sist gav 20-åringen som tok initiativ til valdshandlinga full tilståing som blei teken opp på mobil.

— Vi er langt frå imponerte av politiarbeidet. Dei burde skjøna alt frå starten at her var noko gale, seier Tore Medhus.

Politibetjent Håkon Tørvik forklarte tysdag i retten at han hadde slik mistanke, og gjorde fleire undersøkingar med sikte på å få avgjerande bevis – utan å lukkast.

Korta på bordet

I politiavhøyr etter mobilopptaka la 20-åringen og 30-åringen korta på bordet. Hendinga året før viste seg å vera ei brutal og langvarig mishandling av ein tidvis bevisstlaus eldre mann, som 20-åringen hadde invitert med i eit drikkelag. Etter eit langvarig sjukehusopphald og fleire operasjonar er mannen i dag 60 prosent medisinsk ufør, og har endra veremåte frå ein aktiv og sosial type til ein isolert, sky og deprimert mann.

Straks etter hendinga forklarte 20-åringen og 30-åringen politiet at dei var ute på tur, og hadde kome over den hardt skadde 68-åringen i ei vegskråning. Dei to hadde gått tilbake til staden rundt halvtimen etter at dei forlet han der, og ringde etter ambulanse. Dei var også aktive med å assistera ambulansepersonellet. Seinare på natta ringde 20-åringen til ei av døtrene til 68-åringen og fortalde at dei hadde funne faren ille tilreidd og berga livet hans, forklarte dottera i tingretten i går.

— Uansett om dei er kameratane våre eller ikkje, dei bør få straffa si for ei ugjerning som dette, seier Ronni André Nesse.