Lagmannsretten meiner avgjerda er ulogisk.

Saka kjem opp att for Fjordane tingrett. At dommar blir sett til side på denne måten, er ikkje kvardagskost.

— Denne ulukka har gått svært tungt inn på min klient. Ei ny rettssak blir ei ekstra belastning, seier mannens forsvarar Ivar Blikra.

Ein passasjer omkom, og tre andre som sat i baksetet, fekk til dels alvorlege skader i ulukka på riksveg 57 i Gaular ein søndagskveld i februar i fjor. Dei fem i bilen var på veg til ein dansekveld i samfunnshuset i Bygstad.

Ført opp på autovernet

Det sludda og vegbana var slapsete og glatt. Nokre få kilometer før dei var framme ved ungdomshuset miste føraren kontrollen. På andre sida av vegen var det autovern. Der den 61 år gamle føraren miste styringa, blei autovernet avslutta ved at det var ført ned i bakken. Bilen skleid over i feil køyrebane, trefte autovernet akkurat der det slutta, blei så nærast ført opp på autovernet før bilen tippa utfor ein nær fem meter høg skrent.

Statsadvokaten tok ut tiltale mot føraren etter paragraf 31 i vegtrafikklova, der hovudregelen er at alle skal ferdast omsynsfullt, vere påpasselege og varsame i trafikken. I ein tiltale i tre punkt ville påtalemakta ha sunnfjordingen dømd for å ha halde for stor fart etter veg- og føreforholda, eller hatt for dårlege dekk slik at bilen mista veggrepet. Vidare at mannen ikkje hadde avpassa farten etter stad, føre-, sikt-, og trafikktilhøve. Siste punktet i tiltalen gjekk på at han skulle ha forsikra seg om at køyretøyet var i forsvarleg stand før han sette seg bak rattet. Årsaka til dette tiltalepunktet var at tre av dei fire piggfrie vinterdekka hadde mønsterdjupne under minstemålet.

Vitna for føraren

Under rettssaka vitna alle dei tre overlevande passasjerane for bilføraren. Dei fortalde at 61-åringen under heile turen hadde køyrt svært forsiktig.

Også vegstandarden og utforminga av autovernet blei sentralt. Vegvesenet vedgjekk langt på veg at denne måten å avslutte autovern på, kan medføre ein risiko.

I tingretten blei mannen frifunnen for dei to første tiltalepunkta, men dømd til ei bot på 10.000 kroner, subsidiært 15 dagar fengsel, for å ha køyrt med for slitne dekk.

Opp på ny

Påtalemakta anka. Dei meiner retten ikkje kan frikjenne mannen for å ha køyrt aktlaust eller for fort etter forholda, men i same snuen dømme for å ha køyrt med for dårlege dekk. Det heng ikkje i hop at retten dømde han for dei dårlege dekka, men såg vekk frå hjula då dei vurderte om køyringa var aktlaus.

Lagmannsretten har gitt påtalemakta gjennomslag. 2. og 3. oktober kjem rettssaka no opp på nytt.