— Vi får som lova sju millionar kroner til ny brannstasjon på statsbudsjettet. Det tek vi som eit positivt teikn på at vi kan få Avinor-status, seier flyplassjef Jan Morten Myklebust.

I dag må Myklebust nok ein gong ta imot pårørande og involverte selskap til minnemarkering etter flyulukka i Sørstokken for eitt år sidan, slik han gjorde etter ulukka i 1998.

Men midt i tragedien - som blant anna førte til tap av lukrative charterflygingar - ser flyplassjefen optimistisk på framtida for lufthamna.

Når Stortinget neste år behandlar Nasjonal Transportplan, er Myklebust og lokalsamfunnet sitt håp at statlege Avinor tek over Stord lufthamn.

Treng 40.000

— Vi treng årleg rundt 40.000 reisande. Med Avinor kan vi leggja ei Oslo-rute ut på tilbod og få eit 50-setersfly med tre-fire turar dagleg, seier Jan Morten Myklebust.

I dag opererer Coast Air ruta mellom Sørstokken og Gardermoen. Passasjertalet har gått jamt opp det siste halvåret, og frekvensen er auka.

Ein mindre charteroperatør er óg på plass etter at Atlantic Airways og oppdragsgivar Aker Kværner skifta ut Stord med Karmøy for jobbflygingane til Finnmark og Romsdal straks etter ulukka i fjor.

— På Stord er det mange polske gjestearbeidarar og høg aktivitet i industrien for tida. Vi håpar å få til ei charterrute til Polen, seier Jan Morten Myklebust.

Lengre landingsbane

I april neste år står ein ny brannstasjon klar på Stord lufthamn. I 2008 vil flyplassen også ha teke i bruk nye innflygingslys som no blir montert, lyssette siktemerke og ny asfalt med tversgåande riller på rullebanen.

— Med det nye utstyret på plass kan vi óg flytta landingstersklane nærmare enden av rullebanen slik at flya får ein lengre distanse å landa på, forklarar Jan Morten Myklebust.

Atlantic Airways på si side er i ferd med å fasa ut sine BAE 146 jetfly - same type som havarerte på Stord - for å erstatta dei med ein tilsvarande type med blant anna automatisk spoilerutsett ved landing.

Ulukkesflyet på Stord fekk ikkje ut spoileren som krevst for å gje flyet maksimal bremseeffekt. Det rasa utfor rullebanen og ned i eit kupert terreng og tok fyr.

UT AV TURBULENS: Stord lufthamn Sørstokken kan bli statleg etter ein dramatisk passasjer- og inntektssvikt etter ulukka 10. oktober i fjor. Fire omkom då eit charterfly køyrde utfor rullebanen, ned ei skråning og tok fyr.ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ
Deisz Orjan