EYSTEIN RØSSUM

Påtalemaktas tilbaketog var den store overraskinga då rettssaka mot kaptein Sverre J. Hagland og HSD tok til på Stord i går. Det eine av dei to tiltalepunkta mot HSD er droppa, fordi «Sleipner» ikkje kjem inn under det nye og strengare regelverket som vart innført for snøggbåtar 1. juli 1998. Årsak: Datoen for kjølstrekking av båten er oppgitt å vere 28. juni 1998.

Denne marginen på tre dagar gjer at HSD går klar av fleire alvorlege skuldingar:

  • Manglande utprøving av båten i dårleg ver.
  • Manglande rutiner for å sikre at båten ikkje gjekk i for høge bølgjer.
  • Manglande opplæringshandbok om bord.

Ulike reglar for like skip

HSD slepp unna det nye og strengare regelsettet, trass i at dei i si tid uttrykkjeleg bad om å få bygd tvillingbåtane «Sleipner» og «Draupner» i tråd med dei nye reglane, og trass i at dei bad Sjøfartsdirektoratet godkjenne båten etter denne nye internasjonale snøggbåtkoden.

Årsaken er bokstaven i lova, som seier at det er den nøyaktige datoen for kjølstrekking som avgjer kva regelverk kvar enkelt båt fell inn under. Dersom ulykkesbåten hadde vore systerskipet «Draupner», kunne tiltalen vore oppretthalde, fordi «Draupner» vart påbegynt seinare enn «Sleipner» — etter 1. juli.

For «Sleipner» synest det derimot svært uklart om datoen for kjølstrekking var før eller etter 1. juli 1998, og det er denne forvirringa som no kjem HSD til unnsetning.

Vart spikra etter ulykka

Ein gjennomgang av byggje-dokumenta for «Sleipner» viser nemleg at den kritiske datoen for kjølstrekking har vorte flytta.

Bergens Tidende sit med ein kopi av sikkerheitssertifikatet som Sjøfartsdirektoratet i si tid ga «Sleipner». Her er datoen for kjølstrekking oppgitt til «juli 1998».

Også i byggjemeldinga som vart sendt direktoratet frå verftet står det at bygginga av båten vil ta til i juli 1998.

I eit anna dokument frå byggjeperioden, målebrevet frå Sjøfartsdirektoratet, blir det derimot operert med juni 1998.

Datoen for kjølstrekkinga vart først eit diskusjonstema etter at «Sleipner» hadde gått ned. Då granskingskommisjonen etter ulykka besøkte verftet i Australia, bad dei om å få oppgitt ein eksakt dato, i og med at sikkerheitssertifikatet opererte med det omtrentlege «juli 1998». Etter det Bergens Tidende er kjent med, svarte dei ansvarlege ved verftet munnleg med at rett dato var 28. juni.

- Skal kome tiltalte til gode

Denne datoen vart seinare brukt i kommisjonens rapport, og det er også denne påtalemakta legg til grunn når dei no har droppa halve tiltalen.

— Det er rett at det blir operert med ulike datoar. Men i den grad det er tvil, skal dette kome tiltalte til gode, seier førstestatsadvokat Tor-Geir Myhrer hos Riksadvokaten, som hadde ansvaret for «Sleipner»-tiltalen.

Spørsmålet om kva som faktisk er rett dato blir ytterlegare forvanska av at omgrepet «kjølstrekking» i realiteten ikkje kan brukast på ein aluminiums-snøggbåt som «Sleipner». Datoen må i staden setjast etter det som er eit tilsvarande stadium i byggjeprosessen.

— Omgrepet heng att frå seilskutetida. Det er mange år sidan båtar vart kjølstrekt, seier professor Erik Røsæg ved Nordisk Institutt for Sjørett.