I instruksen som Sjøfartsdirektoratet har sendt ut om redningsvestar, går det klart fram at rattmerket må vere på plass for at vestane kan brukast: «Redningsvester skal være rattmerket slik de omsettes. (....) Redningsvestene skal i tillegg til rattmerkedokumentasjon, være levert med et eget norsk godkjenningsdokument fra Sjøfartsdirektoratet», heiter det i rettleiinga.

Det skal vere seld om lag 100.000 vestar av den nye Regatta-typen i Noreg etter at dei nye reglane vart innført. Berre for norske snøggbåtar vart kostnadane med vest-utskiftinga estimert av Sjøfartsdirektoratet til 36 millionar kroner for 60.000 vestar. I tillegg kjem alle passasjer— og bilferjer som også har bytta ut utstyret.

Kjenner ikkje brevet

HSD aleine har kjøpt inn 12.000 eksemplar av Regatta-modellen. Også Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane har satsa på denne typen, det same har dei aller fleste norske riksvegferjene.

— Eg veit ikkje nøyaktig kor stor andel vi har. Men størsteparten av marknaden har satsa på vår modell, seier salssjef Irene Mjelde i Regatta AS.

Ingen i Sjøfartsdirektoratet ville i går svare på korleis dei vil gripe an avgjerda frå EU-kommisjonen, og på om tusenvis av flunkande nye vestar no hamnar i bosset.

— Eg er ikkje kjent med det brevet du referer til frå EU, seier sjøfartsdirektør Rune Theisrud.

— Er det mogleg for Noreg å tillate vestar utan ratt-merke på norske skip?

— Dei bør jo helst ha godkjenningsmerket, seier Theisrud.

Sjefen for passasjerskipsavdelinga i Sjøfartsdirektoratet, avdelingsdirektør Sigurd Gude, fekk via BT ein kopi av EU-brevet før helga.

— Eg har ingen kommentar. Vi må setje oss inn i saka, sa ein ordknapp Gude etter å ha sett dokumentet.

BT får stadfesta at ordbruken frå EU blir oppfatta som særs skarp og klar i dei norske fagmiljøa.

DNV ventar på instruks

I Det Norske Veritas (DNV) var det i går krisemøte om saka. Dei ventar no på signal frå Sjøfartsdirektoratet om kva dei skal gjere.

— Dersom direktoratet ber oss om å følgje EUs råd, må vi vurdere saka, seier informasjonssjef Per Wiggo Richardsen i DNV.

Faktum er at DNV fullt og heilt er underlagt Sjøfartsdirektoratet i dette spørsmålet. Inntil vidare står DNV fast ved at vesten oppfyller EUs krav.

— Det viser våre testar at han gjer, seier Richardsen.

— Men EU støttar seg på dei britiske testane, og seier at han ikkje oppfyller krava?

— Ja. Og dersom Sjøfartsdirektoratet endrar sine krav, må vi revurdere saka, seier Richardsen.