Han var mannen bak den ein-sylindra båtmotoren ”Nordlys”. På verkstaden hans i Eikelandsosen, vart det frå 1910 laga både motorar, turbinar og turbinregulatorar og reparert alle slags motorar og maskiner.

”Læs og veks!”

John Holdhus kom frå ein gåverik familie på Holdhus. I ungdommen var han fire år i smedlære hjå Ola Mo i Øystese, før han drog til Bergen. Der var han innom fleire verksemder og sanka lærdom, og han tok eksamen etter kveldskurs ved Bergens Maskinistskole. Han tok etter kvart òg ein del teoretiske og praktiske kurs ved Statens Teknologiske Institutt i elektroteknikk, sveise— og herdeteknikk og materiallære, og han skaffa seg autorisasjon som elektrisk installatør. ”Boghyllen er en stige hvorpå man blir sin overmands lige. Læs og veks!” har den lærelystne bondesonen skrive inn i ei lærebok for mekanikarar.

Pioner

I 1910 bygde han ein av dei første motorverkstadene i Hordaland. Der starta han karrieren som smed og motorfabrikant. Han reparerte saker og ting for folk. Og han laga fine høghjula stolkjerrer til kyrkjebruk. I 1910 fekk han diplom på Landsutstillinga i Bergen for ein gigg (tohjulsvogn). Den første motoren han laga var ei vedfyrt dampmaskin.

”Nordlys”

I 1912 konstruerte han og broren Aslak Holdhus ein eksplosjonsmotor som fekk namnet ”Nordlys”. Dette var ein ein-sylindra motor til fiskebåtar – med sentrifugalregulator som regulerer eksentrisiteten på eksenterskiva for brenselpumpa. Alt var laga på verkstaden utanom støypegodset: John Holdhus laga modellar i tre, og jarnstøyperi i Bergen støypte motordelane.

I følgje boka ”Det norske næringsliv – Hordaland Fylkesleksikon” (1952) låg maskinene som vart laga på verkstaden til Holdhus, mellom fire og 100 hk. Han leverte ca. 10-15 større og mindre motorar årleg, hovudsakeleg til fiskeflåten.

Slipp

I 1913 bygde han den første slippen sin for fiskefartøy. Det kom fleire folk i arbeid på verkstaden. Kona Elna sytte for husvære og mat til arbeidsflokken. 1917 hadde han sju mann i arbeid. Etter kvart tok han òg inn mange læregutar. John Holdhus var både ein dyktig fagmann og flink til å læra frå seg. Mange av læregutane vart verande etter at dei var ferdige med opplæringstida si. Etter kvart vart det fleire slippar, og verksemda dreiv med slippsetjing og reparasjonar av både tre- og jarnbåtar. På det meste arbeidde 30-40 mann hjå John Holdhus.

Turbinar og kraftverk

I 1922 bygde han privat kraftverk med sjølvlaga peltonturbin. ”Set meg i bekken, lat fossen meg jaga, så skal for 10-15 hestar eg draga,” skreiv han om den. Han var med og sette opp små elektrisitetsverk for folk i nabobygdene. Turbinane og regulatorane til kraftverka vart til i verkstaden på Svananeset.

I 1928 fekk han diplom for ein 12 hestars glødehovudmotor som han hadde med på Landsutstillinga i Bergen. ”Enkel og sterk, billig og praktisk, det er det hele, men det er òg faktisk,” reklamerte rimsmeden.

I krigstida laga han ein forgassar som gjorde det mogeleg å nytta tjøre i staden for olje, og den skal ha vorte mykje brukt.

Første automobilen

John Holdhus var den første i Fusa som kjøpte seg bil, i 1926. Han dreiv drosjeverksemd og var med og skipa Fusa Billag. "Skal De ha kjøretur til Haalandsdalen, so ring Motorverkstedet i Eikelandsosen. Buick biler, Dyktige chufører med passagercertifikat. Billige taxter," heiter det i reklamen for drosjene hans. Holdhus var òg ein dyktig bilreparatør.

Politikar, musikar og kjømeister

John Holdhus var ein samfunnsengasjert mann. Han sat i fleire år både i kommunestyre og formannskap. Han var musikkinteressert og ei av eldsjelene bak stiftinga av Eikelandsfjorden Musikklag. Motorfabrikanten var òg mykje nytta som kjømeister, og skreiv mang ei vise til ulike høve.

F.v. John Holdhus, Ole E. Helland og Hans Torgilstveit på verkstaden til Holdhus.Foto: Alle bilete er henta frå biletsamlinga til Lokalhistorisk Arkiv i Fusa.
Brørne Torgils, Aslak og John Holdhus frå garden "Stetto" på Holdhus.
Skilt.
Arbeidslag: Arbeidarar og familie hjå John Holdhus på Svananeset ca. 1936/37.
John Holdhus sin slipp og motorverkstad på Svananeset i Eikelandsosen.
John Holdhus kjøpte bil i 1926.
Fire pionerar i Eikelandsfjorden musikklag tidleg på 1900-talet: f.v. Gitle Helland, John Holdhus, ukjend og Einar Holmefjord.