STEINAR HYSTAD

For desse fire nye produkta har konstruktørane motteke Hordaland fylkeskommune sin oppfinnarpris for åra 1998, 1999, 2000 og 2002. Kven som får årets oppfinnarpris vert avgjort når komiteen har gått gjennom søknader og studert nye handfaste konstruksjonar.

— Me må sjå at ting fungerer og må har eit bevis på at den nye oppfinninga let seg produsera.

Dette er tiande gong me lyser ut prisen og av røynsle veit me at det finst mange personar i fylket vårt som har omsett nye idear til dugande maskineri eller produkt, seier spesialkonsulent Einar Gilberg ved avdeling for Strategi og utvikling i Hordaland fylkeskommune.

— Rundt 50 søknader har kome inn pr. år, med unnatak av 2001. Av ein eller annan grunn var tilfanget så lite det året at komiteen valte ikkje å dela ut prisen. Men det retta seg alt året etter, og for 2003 er prisen auka frå 30.000 til 50.000 kroner i von om at det kan vera ein giv til at søkjarbunken vert ekstra stor, seier Gilberg.

Ei oppmuntring

Målet med oppfinnarprisen er å finna nye ting som skal slå gjennom i marknaden og såleis skapa nye eller sikra alt eksisterande arbeidsplassar i Hordaland. Prisen skal vera ei oppmuntring på vegen frå ide og prototype til produksjon.

— For oppfinnaren og oppfinninga kan juryen si vurderinga vera vel så viktig som pengane. Til hjelp for ein mogleg gründer sit det der representantar frå Bergen Patentkontor, Statens veiledningskontor for oppfinnare, Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, Senter for nyskaping ved Høgskolen i Bergen, NHO og frå komiteen for næring og utdanning i fylkeskommunen. I den grad det finst føringar for oppfinnarar som vil vera med, må det vera at me primært er ute etter produkt med kommersiell interesse. Prosjektet vert køyrt med nyskaping og verdiskap for augo, poengterer Gilberg.

Søknadsfristen er 23. september og skjema får ein på fylkeskommunen i Lars Hillesgate. Prisoverrekkinga skjer i høgtidlege former på fylkestinget sitt desembermøte.

Morellstilk-kuttar

For tre år sidan mottok Leif Gunnar Opedal frå Lofthus oppfinnarprisen i Hordaland for sin spesielle og høgst funksjonelle morellstilk-kuttar, ein maskin som står først i lina der bæra vert sortert og pakka. Når morellene kjem frå treet heng både tre og fire saman i ei knute øvst i stilken. Kuttaren løyser floken skånsamt slik at det berre kjem einslege moreller med stilk til sorteraren.

— Korleis har det gått sidan prisoverrekkinga?

— Sakte, men sikkert framover, får eg vel seia. Målet mitt har heile tida vore å få i gang lokal produksjon av maskinen. Å vinna prisen på fylkesplan var ein viktig spore til å gå vidare.

Tolmod er ein annan god eigenskap å ha i slike prosessar. Me har fått produksjonslokalet klart i Jondal og selskapet som skal driva og selja er etablert.

— Lengst tid er nok gått med til å presentera oppfinninga for ein marknad som gledeleg nok er monaleg større enn det eg trudde i utgangspunktet. Første kuttaren er selt til Sveits, tyske morelldyrkarar er interesserte, det same i Australia, USA og Canada.

Tilbakemeldingane er oppløftande gode og verdspatenten er sikra. No er me klare og me føler det byrjar gå rette vegen, seier Leif Gunnar Opedal.

PRIS: Søkjer du oppfinnarprisen 2003, har du ein unik sjanse til å få vurdert det nye produktet du har pønska ut og konstruert, seier spesialkonsulent Einar Gilberg i Hordaland fylkeskommune.<P/>FOTO: STEINAR HYSTAD