Direktør Jens Christian Holm ved Kyst— og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet varslar hyppigare kontrollar. Og oppdrettarar risikerer at rømmingar i framtida vil svi langt hardare enn i dag.

– Viss det går gale, og viss det er deg å laste, då skal du vite at det kjem til å bli tøffare, seier Holm.

I går varsla fiskeriminister Helga Pedersen at det skal opprettast ein fast kommisjon som skal granske rømmingar frå oppdrettsanlegg. Samstundes presenterte Fiskeridirektoratet eit framlegg til ein 29-punkts tiltakspakke mot rømming frå oppdrettsanlegg.

Må betale opprydding

Kravet som kan koste oppdrettarane mest, dersom det vert vedteke, er framlegget om at oppdrettarane skal betale for oppryddinga etter ei rømming. Det kan til dømes bety at oppdrettarane må sørgje for å fjerne rømt oppdrettslaks som dukkar opp i elvane sidan oppdrettslaksen kan truge den ville laksestammen.

I tillegg til auken av rømt oppdrettsfisk i fjor og i år, vert innskjerpinga også grunngjeven med at oppdrettarane no samlar produksjon i færre og større anlegg. Eitt stor lakseoppdrettsanlegg kan no ha like mykje fisk i merdane som det finst villaks havet. Konsekvensen av ei uhell vert då mykje større, og Fiskeridirektoratet vurder difor mellom anna å sette eit tak på kor mykje fisk det skal vere lov å ha i eitt anlegg.

Lære av feil

Den nye rømmingskommisjonen skal sørgje for at oppdrettsnæringa og styresmaktene lærer av feil.

– Den viktigaste oppgåva for Rømmingskommisjonen blir å gjere undersøkingar knytt til alvorlege rømmingar og drifte eit system som sikrar at flest mogleg kan trekkje lærdom av hendingane. Ein rømt oppdrettsfisk er ein for mykje, sa fiskeriminister Helga Pedersen på årsmøtet til Fiskeri- og havbruksnæringens landsforeining (FHL) i går.

Møte med riksadvokaten

I dag møter Fiskeridirektoratet Riksadvokaten for å diskutere kvifor så få rømmingssaker Fiskeridirektoratet har meldt til politiet hamnar i retten.

Sakene som er melde til politiet tek anten lang tid, eller vert lag vekk, i fylgje Holm.

Fiskeridirektoratet har hatt suksess med å byggje opp sin eigen etterforskingskapasitet for å granske lovbrot i fisket. Ein liknande modell kan bli vurdert for å granske moglege lovbrot som fører til at oppdrettsfisken rømmer.

HÅVARD BJELLAND