Fjordane tingrett har frifunne Gudmun Strømsnes for grovt skattesvik, og nøyer seg med å idømme Flora-mannen ei bot på 30.000 kroner for brot på rekneskapslova.

Rådgjevarar Retten meiner at Strømsnes har gjeve urette opplysningar til likningsvesenet, men at han ikkje opptredde grovt aktlaust da han gjorde dette i 2001.

Retten meiner at dei profesjonelle skatterådgjevarane Strømsnes hadde stor innflytelse på dei opplysningane han gav skattestyresmaktene, og at han ikkje kan bebreidast for å ha vore grovt aktlaus da dette skjedde.

Men på det subsidiære tiltalepunktet som gjekk på manglande rekneskapsføring vart Strømsnes dømt. Retten kan likevel ikkje sjå at overtredelsane i 200 og 2001 kan kallast for vesentlege.

Tingretten skriv at det er viktig allmennprevensjon å reagere strengt mot denne typen lovbrot, I formildande retning peikar retten på at saka er blitt 4,5 år gammal utan at dette kan lastast Strømsnes.

Vil truleg anke Aktor i saka, statsadvokat Petter Nordeng i Økokrim, la ned påstande om halvanna års fengsel for Strømsnes, av dette ni månader utan vilkår.

Da bt.no snakka med Nordeng onsdag føremiddag, var han kjent med resultatet men hadde enno ikkje lese dommen.

– Når det berre blir bøtestraff for eit så grovt rekneskapsbrot, så tyder mykje på at vi kjem til å anke vidare til lagmannsretten, seier Nordeng. – Når det gjeld skattesvik-delen av dommen, vil vi sjå nærare på den før vi bestemmer oss. Men det er jo alltid vanskeleg å seie noko sikkert om anke før vi har fått lese dommen grundig.