• Eg er imponert! Cambridge-studenten Alex Cheesmal skamroser den nye gjestekaien i Norheimsund. Ein kai som eigentleg er eit ombygd fiskeoppdrettsanlegg.

Fjorten studentar frå sju land har gjort strandhogg med to seglbåtar.

— Vi kom inn litt seint på kvelden, men sanneleg kom det ein kar frå dugnadsgjengen og ynskte oss velkomen.

Jenny Omma veivar med eine armen og femnar om halve Norheimsund for å visa sånn omtrent kvar gjestfridomen kom frå. - Omma med to emm-ar, presiserer ho, så ikkje lokalkjende skal tru etternamnet hennar har noko med Oma og Omastrand å gjera. Namnet er opphaveleg samisk og kjem frå det høge nord, sjølv om dialekten er umiskjenneleg bergensk.

Ho utgjer det norske innslaget av mannskapet på den smekre seglbåten «Lilly», som har lagt til på yttarste utstikkaren i det velforma hamneanlegget.

«El Paso» er fortøya eit par hakk lengre inne mot strandpromenaden i Grova (Norheimsund sentrum). Så dukkar det opp eit vikingskip også, med påhengsmotor, tilhøyrande Bjørn Vik.

— Utlendingane er mest imponert over at dette er bygt på dugnad. Slikt er dei ikkje vande med i heimlandet. I så vel Irland som Tyskland, Nederland, Slovenia, Frankrike og England er det styresmaktene som syter for bygging av kaianlegg, seier Omma.

Til alt overmål var det gratis.

Kaipengar frå 1. juli

Akkurat på dette punktet var dei heldige. Dei stemna inn sundet før 1. juli, som er den offisielle opningsdatoen for gjestekaien i Norheimsund, og starttidspunkt for innkrevjing av kaipengar. Dei blir klart rimelegare enn i England; 80 kroner døgnet, pluss 20 kroner for dei som vil ha ei elektrisk straumleidning i land.

— Vi har investert 1,4 millionar kroner, og må gjera opp for oss, seier Geirmund Storaas til Bergens Tidende.

Han er styreleiar i Norheimsund Hamneutvikling AS.

Kor mange dugnadstimar som er lagt ned, har han ikkje ført rekneskap for, men det må minst vera fire tusen.

— Og enda står det mykje arbeid att?

— Ein god del, men no må vi leiga inn fagfolk til å innreia dusj- og toalettrom, og alt som høyrer heime i ei triveleg gjestehamn, seier Storaas.

Mislykka fiskeoppdrett

Oppdrettsanlegget frå Sørlandet er berre åtte år gamalt, bygt i ubehandla osp. Etter ei mislykka økt med fiskeoppdrett, vart anlegget ombygt til blåskjeldyrking, men gjekk likevel konkurs. Eldsjelene frå Hardanger kjøpte det «på rot» av banken, medrekna tv, kvitevarer og koppar og kar til 60 personar i dei flotte opphaldsromma som no blir utleigehusvære på 80 kvadratmeter.

Anlegget er slept i dagevis over ope hav av den 100 år gamle lokale slepebåten «Kolbjøn» på Djupevåg båtbyggeri. Ingen ville forsikra slepet. Men det kom vel fram og er no forankra som flåte ved promenadegata i Norheimsund, med 300 lengdemeter kai og likt fribord likevel flo og fjøre.

— Vi har selt unna masse blåskjelutstyr, og fotballklubben har fått aluminiumsrister og gjerde til tribunar på den nye krøllgrasbanen, men framleis har vi ting og tang til sals, mellom anna den gamle gjestekaien, averterer Storaas.

Eldsjelene i styret og mange minieldsjeler blant båtinteresserte hardingar har verkeleg fått sving på hamneområdet i Norheimsund sidan nokre av dei hengde på seg slips og gjekk i banken for å låna ein halv million kroner i 1999. Og målsetjingane framover er klare til 2010.

— Er kommunen med på laget?

— Dei har gitt oss beste tomta i byen, så dei må reknast med. Men til no har heradskassa ikkje hatt dei heilt store utlegga, seier Storaas.

INTERNASJONALT: Det norske og bergenske innslaget om bord i seglbåten «Lilly», Jenny Omma, i forgrunnen. <p/>ARNE HOFSETH HELGE SKODVIN (foto)
PROSJEKT: I brodden for kai-prosjektet i Norheimsund har Geirmund Storaas (t.v.) og Hallvard Bjørgum stått.<p/>ARNE HOFSETH HELGE SKODVIN (foto)
KAIEN: Sånn ser det ut, når eit oppdrettsanlegg vert kai.<p/>ARNE HOFSETH HELGE SKODVIN (foto)