OGNE ØYEHAUG

Ein krangel om kven som skal betale gjer at firmaet Rådgivende Biologer ikkje har fått pengar for å kartlegge lakselusangrep på sjøaure på Vestlandet i år, slik Bergens Tidende skreiv laurdag.

Stigum Olsen er skuffa. Han og oppdrettskollegaene i Hardanger Fiskehelsenettverk har hausta ros for samarbeidet for å bli kvitt luseproblemet i Hardanger.

Samanlikningsgrunnlag

Utan overvakinga av sjøauren på Vestlandet er det uråd å samanlikne tilstanden i Hardangerfjorden med andre fjordar på Vestlandet, der det ikkje finst noko slikt samarbeid.

Dessutan gjer overvaking av sjøauren eit poeng i seg sjølv, fordi sjøauren i motsetning til laksen ikkje vandrar ut av fjordsystemet. Difor er auren meir utsett enn laksen, som stikk til havs for å gjere seg feit.

Utan dei 550.000 kronene til teljinga av lakselus på sjøaure i år misser Stigum Olsen ein del av grunnlaget for å vise om arbeidet i fiskehelsenettverket gjer nokon skilnad eller ei. Det er uheldig, meiner han.

— Det kan brukast mot næringa at dei resultat vi oppnår ikkje kan dokumenterast, seier han.

Trugar villfisken

Lakselus er ein liten kreps som snyltar på fisken. Ved sidan av røming er angrep av lakselus frå oppdrettsanlegg som smittar over på vill laks og vill sjøaure dei to største miljøproblem oppdrettsnæringa skaper. Både laks og sjøaure stryk med om luseåtaka blir for store, og lusa har fått skulda for at dei ville lakse- og sjøaurestammane i Hardanger er sterkt redusert.

Med Havforskningsinstituttet i spissen vert det gjennomført ei omfattande kartlegging av utbreiinga av lakselus på laksesmolt i Hardangerfjorden. (Desse målingane er ikkje truga, slik det feilaktig stod i biletteksten i avisa laurdag.)

Men dette er ikkje nok, meiner Stigum Olsen. Han vil ha pengar til overvaking av sjøauren også, og nok til å følgje med i tilstand på heile Vestlandet.