Det er Fiskeridirektoratet Region Vest som lenge har kravd opprydning, og har no på overtid fått ein kjennesle frå Fjordane tingrett som seier at selskapet må betale for oppryddinga. Steinar Gjersdal var styreleiar og eineaksjonær i selskapet som gjekk konkurs i september 2005. Bubehandlinga pågår framleis.

Seinast 13. november i fjor kravde di-rektoratet at området vart rydda innan 15. desember. Dette er ikkje blitt gjort. Etter forskriftene skulle selskapet for øvrig ha rydda området seinast eit halvår etter at drifta opphøyrde.

I retten hevda oppdrettaren at anlegget ligg på privat grunn og er underlagt ein privatrettsleg avtale, og at offentlege organ dermed ikkje kan krevje opprydning.

Retten er ikkje samd i dette. I kjennelsen gjev dei Fiskeridirektoratet løyve til å leige inn ekstern hjelp til oppryddinga – og halde Åfjorddal Smoltoppdrett ansvarleg for kostnadene.