Kyst— og fiskeridepartementet står på sitt frysvedtak om ikkje å tillata fleire løyve for laks- og aureoppdrett i Hardangerfjorden, og grunngir det med fjorden sin helsetilstand. Oppdrettarane meiner forvaltninga er kunnskapslaus.

  • Det blir ingen nye løyve i Hardangerfjorden i år, seier statssekretær Vidar Ulriksen.

- Statistisk feil

  • For eitt år sidan var miljøsituasjonen i fjorden slik at det kunne gå gale om oppdrettsutviklinga heldt fram i same takt som før, seier Ulriksen.
  • Det er statistisk feil at miljøsituasjonen i Hardangerfjorden var ute av kontroll. Det viser Havforskningsinstituttet sine funn til fulle, kontrar Sveinung Sandvik, styreleiar i seksjon havbruk i FHL (Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening).

Det var NIVA (Norsk institutt for vassforsking) som i fjor vinter rapporterte at Hardangerfjorden var i ferd med å gro til, og at utslepp frå oppdrettsnæringa var årsaka.

Medieoppslag

  • Det var ein overflatisk kontroll NIVA gjorde. Regjeringa sitt frysvedtak var tufta på medieoppslaga. Ei forvaltning som ikkje byggjer på kunnskap, men på korleis vinden bles, det ønskjer vi ikkje, seier Sandvik.

I forskrifta som er ute på høyring har regjeringa tilrådd i alt 65 nye oppdrettskonsesjonar i 2009, dei fleste til mindre anlegg i Midt- og Nord-Noreg. Sveinung Sandvik seier at næringa ikkje nødvendigvis ønskjer fleire løyve i Hardangerfjorden, men iallfall nye lokalitetar innover i fjorden. Det meiner han vil letta situasjonen for både villaksen og miljøet.

Fjordprosess som før

Seniorforskar Hein Rune Skjoldal ved Havforskningsinstituttet understreka på Stord-konferansen at det ikkje er rett at Hardangerfjorden gror til. Dei naturlege prosessane er som dei siste tiåra, viste instituttets målingar i fjor sommar.

  • Det lek ut næringssalt frå oppdrettsfisken, men det er registrert berre i nærområdet og er ikkje viktig for vassutskifting og naturlege prosessar. Det er gode resipientforhold langs kysten og i fjordane, sa Skjoldal.
SEIER NEI: Regjeringa vil ikkje ha fleire oppdrettsanlegg i Hardangerfjorden med det fyrste.
Arne Nilsen (arkiv)