— Etter mange år med motbakke, går det no betre med folkehøgskulane. Korleis går det på Nordfjord folk e høgskule? - Eigentleg har vi hatt bra rekruttering siste åra. Men neste skuleår ser ut til å bli endå betre. Det ser ut til å bli full skule til hausten, og det er vi veldig fornøgde med.

- Kor mange er det? - Vi skal klare å stable inn rundt 115 elevar. Det ser faktisk ut til at det kan bli det høgste elevtalet sidan skulen vart starta i 1923.

- Kvifor har folkehøgskulane gen e relt hatt problem siste åra, trur du? - Reform 94 var ein overgang. Då kom nesten alle elevane rett frå ungdomsskulen. Etter at ungdomsskuleelevane vart styrt gjennom vidaregåande, endra dette seg. 90 prosent av våre elevar er ferdig med vidaregåande skule. Vi ser at rekrutteringa i stor grad skjer gjennom tidlegare elevar. Fornøgde elevar gir nye elevar.

- De er ein kristen folkehøgskule - og det satsar på friluftsliv. Kva er det som trekkjer? - At det er ein friluftsskule, betyr mykje. At skulen ligg på Vestlandet, er viktig. Det at vi har ein kristen profil er viktig for nokre. Vi har både kristne og ikkje-kristne elevar.

- Folkehøgskulane har lange tr a disjonar. Er det tilpassing til nye tider og trendar som no gir resultat? - Ja, heilt klart. Veldig mange ønskjer å gjere noko alternativt etter vidaregåande. Eg trur vi har klart å skape eit godt alternativ.

- Kvifor skal ein gå på folkehøgsk u le? - Ungdommane får eit år til å dyrke interesser og hobbyar dei kanskje ikkje har hatt tid til. Dette er også viktig i forhold til val av yrke og studium vidare. Folkehøgskulen er dessutan ein trygg arena. Det er ein stad der det blir bygd mange vennskap. Vi ser at mange reiser i lag vidare når dei skal studere. Opptil 15-20 har vi sett flytte i lag til Bergen. Av ein eller annan grunn vil ingen til Oslo.

- Nordmarka fristar ikkje? - Det ser ikkje slik ut.

- Så no er du optimist? - Ja! Det er mange utfordringar framover. Men vi satsar 15 millionar på nytt internat. Så optimist er eg nøydd til å vere.

NJORD V. SVENDSEN

OPTIMIST: Rektor Hallgeir Hansen ser lyst på framtida for folkehøgskulane. Skulen satsar på friluftsliv for å tiltrekkje seg elevar. I år kan det bli ny søknadsrekord.

ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH