I båe sakene gjorde landsmøtet vedtak etter framlegg frå Hordalands-bordet. Heile sendelaget frå Hordaland stilte i nye T-skjorter med slagord mot kraftline over fjellet på avslutningsdagen i går. Olje— og energiminister Odd Roger Enoksen fekk utdelt ei og, men han ville ikkje ta ho på.

Vedtaket i kraftlinesaka går ut på at Senterpartiet tek «eit initiativ for at kraftliner med høg spenning (420 KV) kan leggjast i kabel der miljøkostnad med luftspenn er høge».

Odd Roger Enoksen var ikkje glad for vedtaket.

— Eg hadde vore meir nøgd dersom den meir moderate versjonen hadde fått fleirtal, sa han etter avrøystinga.

Redaksjonskomiteen hadde i utgangspunktet føreslått «vurdere» i staden for «ta initiativ til».

— Dette var ein stor skilnad, og vedtaket var svært viktig for oss, seier leiaren i Hordaland Sp, Sigrid Brattabø Handegard.

- Eg driv politikk

Avrøystinga var jamn, og det måtte oppteljing til. Magnar Lussand kan truleg ta på seg ein stor del av æra for at resultatet vippa over til deira forslag. 1.-kandidaten til fylkestingsvalet heldt eit kraftfullt innlegg der han åtvara mot å skjemma ut Hardanger-landskapet, som er eit av Norges viktigaste reiselivsprodukt.

Lussand minna og forsamlinga på at NHO-direktør Finn Bergesen jr. i sitt innlegg til landsmøtet dagen før hadde framheva reiselivet som ei av dei største norske vekstnæringane.

— Han får ta det som ei utfordring. Eg er ikkje her for å tekkjast statsråden, men for å driva politikk, seier Lussand om Enoksen sin reaksjon på vedtaket.

Inga knipe

Saka om ny 420 volts høgspentline over fjellet frå Sima i Eidfjord til Samnanger har fått kommunane i Hardanger til å reisa seg i samla protest.

Dersom kraftlinesaka i Hardanger, og ei tilsvarande i Sogn og Fjordane, vert sett på spissen, vil dei truleg hamna på Sp-statsråden sitt bord til endeleg avgjerd. Som statsråd representerer Odd Roger Enoksen heie trepartiregjeringa og ikkje berre Senterpartiet. Enoksen ville likevel ikkje gå med på at vedtaket i partiets høgste organ sette han i ei knipe.

— Landsmøtevedtaket er ei påminning om at svært mange er opptekne av dette problemet. Kabling har store kostnader, men no ser vi på alle sider av dette, og så får vi setja det inn i ein større samanheng, seier Enoksen.

Samrøystes om ubåten

Om kvikksølvubåten ved Fedje seier Sp-landsmøtet at dei ikkje kan «gå på akkord med mattryggleiken i havet». Landsmøtet oppmodar Regjeringa og fiskeriministeren til å gå gjennom saka ein gong til etter at fungerande fiskeriminister Dag Terje Andersen for eit par veker sidan sa nei til heving. Senterpartiet meiner det er påviste at den naudsynte teknologien er på plass, slik at ubåtvraket kan hentast opp utan at det miljøfarlege kvikksølvet lek ut.

Vedtaket i denne saka var så godt som samrøystes. Det fall saman med at statsminister Jens Stoltenberg sa beint nei til å heva ubåten da han gjesta Hordaland Arbeidarparti sitt fylkesårsmøte.

— Der har Stoltenberg skaffa seg eit problem i sitt eige parti, lydde det frå Hordalands-bordet på Sp-landsmøtet.

KRAFT: Magnar Lussand synte fram musklane sine då han vippa fleirtalet på Sp-landsmøtet over til sterkare motstand mot høgspentliner gjennom norsk natur.
john lindebotn