— Du har ikkje løyst dette ved å feie problemet under teppet, seier styreleiar Inge Halstensen i Fiskebåtredernes Forbund.

Han har lite til over for Kystdirektoratet sitt råd om å dekke til vraket av Fedje-ubåten og kvikksølvlasta den hadde med seg.

Halstensen vil ha ubåten og den farlege lasten opp. Han koplar kravet til sjansen for å få gjennomslag for den norske innsatsen for å få stengt det britiske atomgjenvinningsanlegget i Sellafield.

Styrkjer Noreg

— Etter vår vurdering er det naturleg å sjå desse to sakene i samanheng. Fjerning av ubåtvraket ved Fedje vil gi det norske synet mykje større legitimitet og tyngd når vi krev at Sellafield forblir stengt. Forureiningspotensialet i desse to sakene er uhyggelege, seier Halstensen.

Fiskebåtreiar-leiaren trur fiskeri- og kystdepartementet til slutt vel å heve utbåten.

— Eg føreset at departementet vel tiltak for å ufarleggjera lasten, slik at omdømet til norsk fisk som rein og sunn mat i verdsklasse vert sikra, seier Halstensen.

Oppgjer med staten

Ubåten ved Fedje, atomforureining frå Sellafield og Murmansk og forureining frå oljeverksemd frå oljetransporten langs kysten er dei tre store miljøtrugsmåla for fiskerinæringa i dag.

— Her har det vore mykje prat og lite handling i fleire år, seier Halstensen.

Havariet ved Fedje i førre veke er berre ein liten smakebit på kva som kan skje dersom eit stort tankskip havarerer.

Halstensen meiner staten, ved Kystdirektoratet, gjorde ein kjempetabbe då den takka nei til å innlemme store fiskefarty i beredskapsflåten som skal hindre miljøkatastrofar. Ideen var at styresmaktene kunne kalle på næraste fiskefarty og bruke det som slepebåt.

— Mange havfiskefarty har ei slepekraft på nær 100 tonn og manøvreringseigenskapar som ingen flåtegrupper kan konkurrera med. Vårt tilbod var i realiteten gratis for staten, seier Halstensen.