Den åttiårige bankbygningen er påspandert åtti millionar kroner av den 167 år gamle banken sin velfylte pengebinge. Sundag blir det hornmusikk, kaffi og kaker, bollar og brus og ope hus. Det er tid for publikum å få ein glytt av det som gøymer seg bak den gamle fasaden. Måndag kan du få tøma sparegrisen i nytt bankmiljø.

Sjel

— Vi har tatt vare på sjela til den gamle bygningen, seier banksjef Kjell Josten Bø.

Sett frå Vangskyrkja røper ny hovudinngang og ei loddrett sprosse i glasa at noko har skjedd med bankbygningen. Langs Gullfjordungsvegen smyg eit nybygg seg inn bak den gamle fasaden. Den gamle hoveddøra har vore til rehabiltering på eit båtbyggjeri, men skal heretter berre vera naudutgang. Langs Vangsgata er elles alt tilsynelatande ved det gamle. Men det er utanpå. Inni er alt nytt. Flunkande nytt og moderne. Bortsett frå forstandarskapssalen i toppetasjen. Den er bygt opp att til fordums prakt, tilpassa omgjevnadane og med bomull i murpussen for akustikken si skuld.

Utvikling

— Dette er sentrumsutvikling, seier styreleiar Steinar Hjørnevik. Og ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik dreg linene vidare vestover mot kommunen sitt nye kulturhus. Vangen er meir enn butikkrekkja på hi sida av Vangskyrkja.

Fredag kveld vart byggverket offisielt overlevert, og entreprenørar, konsulentar og andre bygningsfolk vart takka for innsatsen.

Nøgd arkitekt

— Eg er godt nøgd med resultatet. Det er i store trekk identisk med utkastet vi vann arkitekttevlinga med, konstaterer arkitekt Ioana Christenson.

Men vegen fram til resultatet gjekk via fleire hundre planendringar undervegs i byggjeprosessen, fortel byggjeleiar Ola Folkestad. Slikt er ikkje til å unngå, når ein skal byggja om gamalt. Det ville vore billegare å riva det gamle, og byggja alt nytt, seier Folkestad, men kan trøysta bankssjefen med Ivar Aasen sine ord: «Pengane er difyre runde, at dei skal rulla».

Bergens Tidende vil presentera den ombygde bankbygningen på Vangen i Hus og Hjem fredag.

Kommentarar? Skriv gjerne nokre ord i feltet under!

ARKITEKTEN: Ioana Christenson har sans for detaljar.
ARNE HOFSETH