Butikken blir sjølvbetent og får sju tilsette.

I vareutvalet er om lag 750 forskjellige merke med vin, brennevin og sterkøl. Butikken skal dekkje kommunane Fjell, Sund, og Øygarden.

Vinmonopolet ventar at salet blir om lag 310.000 liter per år, går det fram av ei pressemelding.

— Kjem til å bytte ut ulovleg sprit

Informasjonsrådgjevar Jens Nordahl i Vinmonopolet fortel at dei har analysert marknaden på Sotra godt på førehand.

— Vår omsetnad speglar folk sitt alkoholkonsum. I første rekke tar vi marknadsdelar frå ølomsetnaden og ulovleg alkohol. Folk bytter ut ulovleg brennevin med våre varer, deretter går ein sakte over til større forbruk av vin. Eg vil tippa at omsetnaden på Sotra den første tida vil bli 30 prosent brennevin og 70 prosent vin. Etter ei stund vil brennevinsdelen gå ned til 15-20 prosent og vindelen auka tilsvarande, seier Jens Nordahl i Vinmonopolet til bt.no.

Opningstidene på Sotrapolet blir:

Måndag - onsdag: 10.00 - 17.00

Torsdag - fredag: 10.00 - 18.00

Laurdag: 10.00 - 15.00

MER SALG: Selvbetjening på Vinmonopolet fører til at vi kjøper mer drikkevarer enn tidligere.
Arkivfoto