— Eg opnar på måndag, seinast tysdag, seier Selheim, litt usikker på om ho skal le eller gråta.

Formannskapet gjekk i går ettermiddag inn for å godkjenna butikken dersom ho spissar vareutvalet litt, i retning av jernvarehandel.

Medan dei folkevalde funderte over saka, opna dei andre butikkane i senteret. Selheim måtte ha gitteret nede og gjekk glipp av den omsetnaden som ein slik opningsdag gir.

Tolking

— Eg hadde håpa at formannskapet kunne la meg få ha alle varene, som eit plaster på såret sidan eg tapte opningssalet. Men greitt nok; eg kan klara meg utan, seier ho.

Paradoksalt nok kan daglegvarebutikken i nabolokalet selja varene som Metro no må fjerna. Kommuneadministrasjonen har tolka føresegnene til reguleringsplanen slik at jernvarehandel er ok, men er i tvil om at papirvarer høyrer til der. Derimot har desse varene lenge vore til sals i daglegvarebutikkar, og slike butikkar er det no opna for i regulerings-planen for industriområdet på Palmafossen.

Finst på Jernia

— Eg har sjekka i jernvarebutikken på Vangen, og konstatert at dei omstridde varene er til sals der, seier Anna Selheim, som har store problem med å forstå den kommunale logikken.

Men rett over helga opnar ho. Så snart prislappane er komne på plass, med tilsvarande kodar i kassaapparatet. Dette er arbeid som kjeda har utsett så lenge det var uvisst om Metro-butikk fekk lov til å halda til i dette kjøpesenteret.

**_Les også:

Frå pinebenk til slaktehus_**

BLIDARE: Anna Selheim vart litt blidare då formannskapet i ettermiddag godkjende butikken hennar.
arne hofseth