— No er vi endeleg i mål, konstaterer konstituert generalsekretær i Fortidsminneforeningen, Gro Osland.

Fortidsminneforeningen eig stavkyrkja. Foreininga har også bygt senteret som, frå idéen første gong blei lansert på slutten av 1980-talet, gradvis har utvikla seg til å bli stadig meir eit nasjonalt stavkyrkjesenter.

Utstilling

Ein gong i tida stod det 1000 stavkyrkjer i kongeriket, no er berre 28 att.

— Vi ønskjer å presentere heilskapen i historia til dei norske stavkyrkjene. Gjennom ting, musikk og bilete skal vi formidle historisk stoff om arkitektur, stavkyrkjer og religion frå mellomalderen og til i dag, seier Osland.

Gjenstandar frå andre stavkyrkjer skal lånast ut til Borgundsenteret, og målet er å gje innsikt i både bygningstekniske og religiøse aspekt ved stavkyrkjene.

— Stavkyrkjearkitekturen er det mest spesielle bidraget vårt land har til verdsarkitekturen. Turistar og andre tilreisande har lenge etterspurt meir informasjon, seier Osland.

Bygget kjem til å koste 20 millionar kroner når alt er ferdig. Økonomisk støtte frå Miljøvern- og Kulturdepartementet, Stiftinga Uni, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Lærdal kommune og bedrifter i Indre Sogn, gjer at senteret er så godt som gjeldfritt opningsdagen.

Dronninga kjem

I alt 13 personar får arbeidsplassen sin ved Borgundsenteret. Fortidsminneforeningen reknar med at dei må ha mellom 40.000 og 50.000 besøkjande for å få økonomien til å gå rundt.

Dronning Sonja skal stå for den offisielle opninga.