Fylkespolitikarar gjorde store endringar i framlegget til fylkesplan for vindkraft før den blei sendt ut på høyring. Kontroversielle område der det eksisterer planar om vindindustri, er føreslått opna for utbygging.

Sogn og Fjordane Turlag meiner vindkraftnæringas interesseorganisasjon i fylket, Vindkraftforum, har påverka premissane for planen.

— Vi reagerer sterkt på saksgangen og vendinga arbeidet har teke. Det er svært uheldig at næringa får høve til å påverke ein plan før alle andre, seier leiar i Sogn og Fjordane Turlag, Marino Ask.

Misnøgde

Dei to karta Bergens Tidende viser i dag, fortel korleis arbeidet med vindkraftplanen for Sogn og Fjordane har utvikla seg. I januar intervjua avisa Joar Helgheim, prosjektleiar for arbeidet. På bakgrunn av intervjuet og offentlege dokument om planen, laga Bergens Tidende kartet til venstre.

Det viser områda prosjektgruppa då meinte var dei mest aktuelle for utbygging, og var stort sett samsvarande med første planen som blei presentert for politikarane ei tid seinare. Store område i kommunar som Solund, Bremanger, Vågsøy og Selje der det er planar om utbygging, var haldne utanom fordi dei var for konfliktfylte.

Arbeidet med planen førte til sterke reaksjonar frå vindkrafttilhengarane. Vindkraftforum var på møte med prosjektgruppa. Dokument fortel at forumet uttrykkjer misnøye med arbeidet. I eit brev ber organisasjonen politikarane gjere ei rekkje endringar «for å unngå eit ubalansert plandokument».

Innspela deira blei i stor grad tekne til følgje. Politikarane endra stigen for konfliktvurdering. Dermed opna dei store kystområde for utbygging slik kartet til høgre viser.

Mange hattar

I styret for Vindkraftforum sit fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp). Fylkesrådmann Jan Øhlckers er hans vara. Fylkeskommunen har gått inn med tung økonomisk støtte til deira arbeid. Så vel i 2009 som i 2010 fekk forumet tilskot på 500.000.

Seks av ni representantar i fylkesutvalet som gjorde endringane i vindkraftplanen, har band til energisektoren. I tillegg til fylkesordførarens verv i Vindkraftforum, er Harry Mowatt (Ap) styreleiar og Jenny Følling (Sp) styremedlem i Sunnfjord Energi. Gjennom eigarskap i selskapa Vestavind Kraft og Sula Kraft er Sunnfjord Energi involvert i nokre av dei største og mest omstridde vindkraftplanane i fylket. Mathias Råheim (H) sit i styret for Sogn og Fjordane Energi, fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap) er varamedlem til styret i same selskap.

Frank Willy Djuvik (Frp) utgjorde også fleirtalet i fylkesutvalet som flytta «konfliktgrensene». Han var medlem i styret for Sunnfjord Energi, men trekte seg frå vervet sist fredag. Djuvik føler at han ikkje både kan vere styremedlem i eit kraftselskap og delta i politiske organ som skal handtere forvaltningssaker om same næringa.

Svekkjer tillit

Turlagsleiar Marino Ask meiner det er nærliggjande å tru at tette band mellom kraftbransjen og fylkespolitikarane kan ha vore medverkande til endringane.

  • Dei same politikarane som skal representere allmenta, har viktige verv i energibransjen. Det er lett å tru at det vil påverke dei.
  • Kvifor meiner du Vindkraftforum har påverka denne planen?
  • Dei har kome med innspel som vi tydeleg kjenner att i planen som blei sendt på høyring.

— Er ikkje det legitimt å prøve og påverke ein prosess?

  • Det uheldige her er at dei får påverke før alle andre, dei får saka til uformell høyring. Når ein interesseorganisasjon får farge eit arbeid slik det har skjedd her, svekkjer det tilliten til planen og blir feil i forhold til andre interesser.

Ask legg ikkje skjul på at Sogn og Fjordane Turlag er sterkt kritisk til planen.

  • I moderne tid har det ikkje blitt vurdert så store inngrep som denne planen opnar for. Verdfulle landskap og urørt natur kan bli bygt ned og påført irreversible inngrep.

Greitt med fleire vindturbinar? Sei meininga di!