Solberg meiner resultatet av folkerøystingane om kommunesamanslåing det kommande halvåret, vil bestemme om staten framleis skal satse på at kommunane frivillig slår seg saman. Dersom dette ikkje lukkast, kan det bli snakk om statleg tvang.

— Eg har registrert at det går føre seg ein debatt om dette i Kommunenes Sentralforbund (KS). Dersom KS, som er talerøyret for norske kommunar, kjem ut med eit ønskje om ein ny strukturkomité, bør vi gjere det, seier Erna Solberg.

Instruks frå staten

Samanslåing av norske kommunar har som regel alltid skjedd på instruks frå sentralmakta. Den mest omdiskuterte kommunereguleringa gjennom tidene kom som resultat av råd frå eit statleg kommuneinndelingsutval som blei nemnt opp etter krigen. Utvalet blei berre omtala som Schei-komitéen, etter utvalsleiaren, den mektige fylkesmann Nikolai Schei i Sogn og Fjordane. T

Tilrådingane skapte voldsom strid, men på 60-talet blei Schei-komitéens råd sett ut i praksis. Frå godt over 700 kommunar, blei talet skore ned til kring 450. Sidan har kommunekartet stort sett lagt uendra.

— Er det ein ny Schei-komité vi snakkar om, Solberg?

— Regjeringa har ingen konkrete planar om eit slikt utval no. Men konkluderer KS med at det er ønskjeleg med ein statleg oppnemnt utval for å teikne framtidas kommunekart, vil vi vere opne for det.

Solberg har så langt vore veldig nøye med å understreke at kommunar bør slå seg saman på frivillig basis. No signaliserer ho langt større vilje til å bruke makt for å nå regjeringas mål om færre og større kommuneeiningar.

30 prosent ned

Solberg seier ho syns det vil vere leit, dersom den rådgjevande folkeavrøystinga i Indre Sunnfjord endar med nei til samanslåing.

— Eg trur dette i hovudsak skuldast at det er vanskelegare å vere for forandring, enn å argumentere for status quo. Men eg skjønar frykta hos dei som opplever at dei vi bli utkantar i ein storkommune.

Kommunalministeren meiner større tyngd og sterkare fagmiljø er viktigare grunn enn økonomi til å slå saman kommunar.

— Småkommunane risikerer å sitje att med små fragmenterte fagmiljø som ingen vil jobbe i. Ei slik utvikling vil verkeleg føre til sentralisering. Dette er etter mitt syn Distrikts-Norges største utfordring.

— Kor mange kommunar bør det vere i Hordaland og Sogn og Fjordane?

— Eg har sagt at vi bør ned med rundt 30 prosent på landsbasis. Det meiner eg vil vere relativt gyldig i Hordaland. I Sogn og Fjordane trur eg kanskje det bør liggje til rette for ein større reduksjon. På same tid ser eg at vi i framtida også vil ha ein del svært små kommunar. Det er ikkje alle plassar det ligg til rette for samanslåing.

Endre inntektssystemet

Til Bergens Tidende seier Solberg at ho også har gitt klare signal om at det nye utvalet som skal vurdere inntektssystemet for norske kommunar, skal sjå på tiltak som kan motivere kommunesamanslåing.

— Det kan vere at vi må inn med ein del fleire gulrøter, seier statsråden.

Konkret viser ho til dagens system som gjer at kommunar med under 3000 innbyggjarar får større overføringar. I praksis fungerer dette slik at det blir lite lukrativt for småkommunar å slå seg saman i større einingar.

— Vil du gje meir til kommunar som slår seg saman?

— Nei, konkrete framlegg blir det opp til utvalet å komme med.