Prosjektleiar Erik Lund i Direktoratet for Naturforvaltning (DN) seier det i tillegg til hijakt, også vil bli jakta på enkeltdyr i vekene framover.

— Men det vil ikkje bli opna for anna jakt enn det som skjer i regi av Statens Naturoppsyn (SNO), seier Lund.

Sauebøndene i Indre Sogn har kritisert DN for å undervurdere jervebestanden. Medan DN har uttalt at det neppe finst så mange jervar, meiner gardbrukarane at registreringar frå SNO, andre undersøkingar og eigne observasjonar tilseier at det er kring 20 dyr i området.

Kryssa skiløypa

På ettervinteren har det vore svært mange sporobservasjonar. Og i finvêret i palmehelga såg fleire påsketuristar ein jerv i den merka skiløypa frå Breistølen på Hemsedalsfjellet og sørover til Bjordalsbu.

— Dei næraste var berre 50 meter unna då jerven kryssa skisporet, fortel Lars Nesse.

Sauebonden i Lærdal meiner DNA-analysar av ekskrement viser at same dyra i fleire år har opphalde seg i området der det ikkje skal vere fast jervebestand.

— NINA har gjort undersøkingar vi meiner dokumenterer at i alle fall to hanndyr har halde seg her over fleire år. Dette viser at det no er stadbunden jerv i området, seier Nesse.

Registrere

Erik Lund i DN seier dei no vil halde fram med registreringsarbeidet dei har gjort siste åra for å kartleggje bestanden. Frå år 2000 har kvart einaste hi som har blitt oppdaga, blitt teke ut. Det same vil skje i år, dersom det blir oppdaga tisper med ungar.

— Det er veldig vanskeleg å ha noko eksakt meining om kor mange jervar som er i området. Men både hijakt og enkeltjakt på dyr er aktuelt framover våren, seier Lund.