Bompengane skal finansiere det nye sambandet, melder Kystradioen.

Opposisjonspartia Høgre, FrP og SV i komunestyret i Fjell nekta å gje si tilslutning til uttalen utan at det vart presisert at bompengeinnkrevinga ikkje skal starte før det nye sambandet vert teken i bruk.

Ei slik presisering ville fleirtalskoalisjonen ikkje gå med på. Espen Villanger frå Arbeidarpartiet ønskjer å starte innkreving av bompengar allereie når arbeidet på eit nytt fastlandssamband startar opp.