Det vert likevel pengar frå Innovasjon Noreg til den planlagde dørfabrikken i Årdal. Styret i Innovasjon Noreg har i dag bestemt å løyve 79 millionar kroner i lån og tilskot til nyetableringa, melder NRK

— Dooria sin fabrikk vil vere ein svært viktig del av omstillingsprosessen i Årdal. Fabrikken vil gje arbeid til eit stort tal personar som ikkje lenger frå jobbe hos Hydro når aluminiumsproduksjonen vert trappa ned frå neste år. Fabrikken vil vere eit viktig bidrag til å oppretthalde næringsverksemd i kommunen, seier Steinar Olsen, styreleiar i Innovasjon Noreg til NRK Sogn og Fjordane..