Gratiskort til offentlege toalett— og dusjanlegg kan delast ut på Robin Hood-huset, meiner sosialbyråd Lisbeth Iversen (KrF), som over helga skal orientere bystyret om planane.Byrådet har takka nei til dei statlege pengane som regjeringa denne veka stilte til disposisjon for akuttiltak for tiggarar.

— Vi ønskjer ikkje å setje opp brakker der folk kan peike og seie at «der er dei fattige, nå skal dei på do». Vi vil bruke dei anlegga vi alt har, seier sosialbyråd Lisbeth Iversen (KrF).

Ho meiner problema i Bergen ikkje kan samanliknast med det som hender i Oslo.

— Så langt går det roleg for seg her. Vi snakkar ikkje om mange personar, berre nokre titals. Dette kan vi handtere, seier Iversen. Rekninga vil kommunen ta sjølv.

Do-kart på rumensk

Ho meiner Sentralbadet er eitt av anlegga som fint kan brukast.

— Slik er det også i dag, at dei får hjelp til å gå på Sentralbadet eller andre stader for å dusje. Robin Hood-huset kan få adgangskort av kommunen som dei kan formidle. Opningstidene er slik at anlegga kan brukast på tidleg morgon og sein kveld, seier Iversen.

Ho vil også sørgje for at kommunens do-kart, som viser kvar dei offentlege toaletta ligg, blir tilgjengeleg både på rumensk og spansk.

Til offentlege toalett vil ho dele ut pollettar, eller finne andre ordningar slik at dei kan brukast gratis.

— Så langt har vi ikkje fått melding om at behovet er stort når det gjeld toalett, seier Iversen

Vurderer å søkje midlar

På Robin Hood-huset er dei glade for at dusj- og toalettanlegg nå blir tilgjengelege.

— Dette er svært positivt. Men det er også behov for eit fungerande akutt-overnattingstilbod for heimlause her i Bergen. Vi snakkar ikkje om eit tilbod der folk kan bli buande, men tak over hovudet i ei natt eller to i akuttsituasjonar. Dagens tilbod er ikkje tilfredsstillande, seier dagleg leiar Marcos Amano ved Robin Hood-huset.

Onsdag møtte han blant andre Kirkens Bymisjon og Røde Kors for å drøfte korleis dei skal forhalde seg til at kommunen ikkje vil søkje på regjeringas midlar.

— Dersom vi skal søkje, ønskjer vi å ha med kommunen på laget, seier Amano.

Venstre vil ha overnattingsplassar

Overnattingstilbod er byråd Iversen ikkje innstilt på å bidra til.

— Eg vil gjerne at organisasjonane søkjer om pengar. Men eg håpar dei rettar tiltaka mot informasjon og omsorg, seier Iversen.

Ho viser til at tilreisande har ansvar for å ta vare på seg sjølve, og meiner offentleg overnattingstilbod difor ikkje bør byggjast opp. Ho meiner heller ikkje behovet er stort.

Venstres gruppeleiar Erlend Horn er heilt usamd.

— Signaleffekten av å la folk bu på gata er mykje verre. I dag finst det ingen akutt-overnattingsplassar i Bergen for folk utan rusproblem, seier Horn, som elles er glad for at byrådet nå vil la tiggarar dusje og gå på do gratis.

Bymisjonen gir ikkje opp

— I fjor avviste Monica Mæland den tanken. Det er godt at byrådet har kome på betre tankar, seier Horn.

Leif Jarle Theis i Kirkens Bymisjon vil ikkje gje opp håpet om å få kommunen med på å etablere eit overnattingstilbod.

— Vi ser at behovet er der. Eg håpar vi kan setje oss ned med byrådet for å drøfte kva vi kan få til. Kanskje kan vårt bidrag vere at vi står for drifta, dersom kommunen kan stille lokale til disposisjon, seier Theis.