TERJE ULVEDAL

Det var like før klokka ni i dag tidleg at ein brøytebilsjåfør melde frå om at det var gått eit snøras i Kjøsnesfjorden. Han greidde å brøyte gjennom skredet, slik at bilane som stod på kvar side fekk sleppe forbi.

Men deretter avgjorde Statens vegvesen å stenge vegen. Det store snøfallet dei siste dagane gjorde at dei vurderte rasfaren til å vere så stor at det ikkje var forsvarleg å halde vegen open.

Det var i Kjøsnesfjorden at meir enn 30 bilar og nærare 70 personar stod innesperra i timevis søndag 14. november. Ei rekkje jord— og steinskred sperra vegen fleire stader. Til slutt blei alle berga ut etter eit svært farefullt redningsarbeid.

Etter at vegvesenet har vore på staden og vurdert faren på nye ras, blei det no i ettermiddag bestemt å opne vegen.

Også Strynefjellet har vore stengt i dag på grunn av stor rasfare. Fjellovergangen blir tidlegast opna i morgon føremiddag.