• Hallo! - Det er frå Bergens Tidende. Vi vil berre sjekke at du har mobildekning? - Klart eg har det!

Sjeldan har vel ein GSM-sendar blitt opna av ein ordførar, og med ein Telenor-direktør som æresgjest. Endå sjeldnare har vel fem kokkar stilt opp 583 meter over havet og laga kvitvinsdampa blåskjel og laks for å markere ei mobilmast. Men det skjedde i går, på Hatlesetnipa i Flora.

I snøkavane og skodda snørte bygdefolket i føremiddagstimane på seg fjellskoa og la i veg den timelange og stupbratte turen til fjelltoppen. Med pomp og prakt blei sendaren på slaget 12 erklært offisielt opna av ordførar Bente Frøyen Steindal.

— Ring om ein time

— Det har vore ein kjempeinnsats for å få dette til. Dette er verkeleg ein dag å markere, fortel Martin Ramsdal på ein krystallklar mobiltelefon frå toppen av nipa ein halvtime før opninga.

Lenger nede i lia streva dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor Mobil då med å nå toppen i tide:

— Mobildekninga er bra, det er verre med kondisen. No må eg klatre litt her. Ring meg att om ein time!

Store deler av Norddalsfjorden-området har vore svart land for mobiltelefoni. Og då Firda Settefisk i 2001 fekk greie på at Telenor ville leggje ned personsøkjartenesta, gjekk alarmen bokstavleg tala. Oppdrettsbedrifta hadde mellom anna bygt opp sitt alarmanlegg på personsøkjartenesta.

— Vi var berre nøydde til å gjere noko. Å drive i næringslivet utan tilgang på mobiltelefon går knapt an i dag. Så vi sette oss i sving. Resten av 2001 gjekk med til å finne ut kven vi skulle snakke med i Telenor. Men etter at vi hadde greidd det, og kommunen så kom på bana i fjor, har det i grunnen gått utruleg fort å få dette til, seier Martin Ramsdal i Firda Settefisk. Han gjev ros til bygdefolket som engasjerte seg, mellom anna i form av ein underskriftsaksjon, og grunneigarar som stilte velvillig opp.

Sendaren dekkjer store geografiske område som i dag ikkje har mobildekning. I nord vil masta på Hatlesetnipa nå Norddalsfjorden og dei populære turområda rundt og på Ålfotbreen. Sørover blir det mobildekning til Eikefjorden og vestover mot Stavang.

Den dyraste

Sendaren på Hatlesetnipa er den dyraste Telenor har opna i år. Kostnaden er rundt 1,2 millionar kroner. At det blei så dyrt skuldast i vesentleg grad kraftframføringa.

Totalt var kring 30 personar samla på fjelltoppen. Storbrukarane av mobiltenester var også representert. Elevane på skulen i Norddalsfjorden stilte nemleg på opninga høgt til fjells.

På sine ti år som dekningsdirektør i Telenor Mobil har Bjørn Amundsen aldri vore med på maken til festivitas for ein GSM-sendar.

— Nei, å få blåskjel, røykt laks og pariserloff 583 meter over havet og i eit snøvêr som knapt gjorde det råd å sjå meir enn fire meter er ganske spesielt. På mine ti år trur eg at eg kan telje på fingrane kor mange slike GSM-sendaropningar eg har vore med på. Og denne var unik, for å seie det mildt.

FESTIVITAS: Øyvind Haugland (til venstre), Leon Knapskog (bak), Øystein Berge (foran) og Ann Kristin Terøy i Florø-selskapet Bistro to kokker sto for servering av kvitvinsdampa blåskjel og snittar med røykelaks då mobilsendaren på Hatlesnipa i Flora vart opna i går.<br/>Foto: Martin Ramsdal