1. og 7. klasse ved Strandvik oppvekstsenter i Fusa gjester Den norske opera og ballett måndag og tysdag i komande veke.

Skuleelevar frå heile landet er inviterte til hovudstaden i samband med opninga av det nye operabygget. Strandvik oppvekstsenter er saman med Haus skule på Osterøy valde ut til å representera Hordaland.

Det er femten elevar i 6.-7. klasse og tre lærarar som er dei heldige og får Oslo-tur 26.-27. januar 2009 med gjesting i den nye operaen. Gjett om elevane gler seg!

I høve opninga av den nye operaen får skuleelevar frå heile landet tilbod om ein tur i operaen. Alle fylka i Noreg har fått tilbod frå Den norske opera og ballett om å senda 30 elevar.

I Hordaland vart det altså Strandvik oppvekstsenter i Fusa og Haus skule på Osterøy som vart dei heldige. Skulane får det meste av turen dekka av Den norske opera og balett og deira sponsor, men dei skulane som må overnatta må betala ein eigendel. Denne eigendelen vil Fusa kommune dekka for sine elevar.

På programmet står omvising i det nye operabygget, ei balettframsyning "4x Lightfoot & Leon" og ein praktisk formidlingsdel. Avreise frå Strandvik er kl 06.10 måndag morgon. Ein grytidleg start på eit lite operaeventyr for Strandvik-elevane som skal reisa både med fly og flytog og overnatta på hotell. God tur!

Strandvik-elevane har store forventningar til besøket i Den norske opera og ballett i neste veke. Foto: Svahild Håland Riise.