Dette går fram av ei pressemelding lensmannen i Høyanger sende ut ved middagstider i dag.

— Det står framleis att ein del etterforsking i saka, og endeleg konklusjon vil først liggje føre når politiet har avslutta etterforskinga.

I alt 12 personar blei innlagt på Førde sentralsjukehus etter den eksplosjonsarta brannen. Tre av bebuarane var alvorleg skadde, men alle desse er no utanfor fare og blir truleg utskrivne frå sjukehuset før helga.

Les også: - Glad vi var vakne | - Stolt over å vere frå Høyanger

Ein innsamlingsaksjon for dei mange som vart råka av brannen er også sett i gang.

Rune Sviggum, Ytre Sogn Avis/SCANPIX