Høgre og Senterpartiet er med i fempartifraksjonen som prøver å finna ei felles plattform, og gjera slutt på 56 års Ap-styre inst i Sørfjorden. Men dei har også fått tilbod om forhandlingar der siktemålet er at Ap framleis skal ha ordføraren i Odda.

– Vi er vel kjende med Høgre sine forhandlingar på to kantar, og har forståing for det, seier Venstre sin ordførarkandidat Inge Børslien.

Frå pizza til regnboge

Han er ganske trygg på at balansekunstnaren til slutt hamnar på «rett side».

– Høgre har meir å henta saman med oss enn hjå Ap, trur Børslien.

Dei fem partia femner breitt i det politiske spekteret, frå Høgre til RV, nesten alle fargane i regnbogen. Etter møte på Peppes Pizza er første utkast til Regnbogeerklæring alt festa til to ark papir, basert på det dei har felles i lokalvalprogramma. Dei skal møtast att 25. september i Rådhuset.

Men John Opdal har tenkt å fullføra forhandlingane på begge sider før Odda Høgre konkluderer på eit medlemsmøte 9. oktober. Så lenge har han tenkt å halda partane på pinebenken.

– Vi må finna ut kva dei har å tilby. Det viktigaste for oss er å få gjennomført Høgre sin politikk, til dømes privati-sering av kommunale tenester, seier Opdal til Bergens Tidende.

Så får vi sjå om RV eller Ap er flinkast til å svelgja kamelar.

Riv skrotet!

Terje Kollbotn (RV) melde i går ein interpellasjon til kommunestyremøtet neste onsdag. Han vil krevja Smelteverkstomta rydda for «skrot, skrap, ruinar, forureining og alt anna som ikkje har bruksverdi for framtida» før jul, kosta kva det kosta vil. Til hundreårsjubileet for Odda som industriby i mai 2008, bør tomta vera stroken.

Kollbotn vil retta kravet mot dei som nyleg har kjøpt mykje av den 160 mål store tomta, og rådde oddingane til å seia nei til UNESCO i folkerøystinga. Børslien er samd i kravet, men er uviss på kva rivingsfrist som blir vedteken. Fram til jul er kort tid på bakgrunn av somlinga hjå tidlegare eigarar. Tida blir ekstra knapp når RV vil ha utarbeidd saneringsplan saman med reguleringsplanen. Den ligg etter ruta, og det er venta motsegn på vegframføringa, poengterer ordførar Toralv Mikkelsen

Folkerøystinga

På Smelteverkstomta står det rundt 200 bygningar og installasjonar, og usemja gjeld ti av dei, alle mellombels freda. Dei andre er det semje om, noko skal takast vare på, resten rivast. I går vart det varsla at prosessen mot varig freding er i gang. Achilleshælen er Omn 3, som mange synest er skjemmande.

Til kommunestyremøtet neste onsdag vil ordføraren reisa spørsmålet om UNESCO-søknaden frå 2004 skal trekk-kjast attende på bakgrunn av folkerøystinga. Regbogealliansen meiner saka bør overlatast til det nye kommunestyret.

– Eg set saka på saklista utan tilråding. Det meiner eg er mi plikt sidan det var sitjande kommunestyre som bad om folkerøysting. Så får møtet bestemma om dei vil seia ja eller nei, eller utsetja saka på sitt site møte, seier Mikkelsen. Både han og varaordførar Hilde Gjester Hoel framstod som ja-folk i nei-partiet Ap.