Tanken på høgspentkabel i tunnel har vore lufta før hjå Statnett, som no planlegg kraftline frå Eidfjord til Samnanger.

— Vi vurderte ei tid å føra straum til Bergen frå kraftanlegga i Tyssedal. Då måtte vi lagt ein kabel over Sørfjorden, og i tunnel under Folgefonna, seier prosjektleiar Svein Erik Fjellstad i Statnett til Bergens Tidende.

— Kvifor brukte de ikkje Folgefonntunnelen?

— Då var arbeidet med tunnelen kome så langt at han ikkje let seg tilpassa for kabelen. Så vi greidde ikkje å samkøyra dette godt nok, seier Fjellstad.

No set Kvam herad si lit til at Statnett, NVE og Statens vegvesen er flinkare til å arbeida saman denne gongen.

Ikkje til misforstå

— Kvam er Hordalands største fritidskommune. Vi ønskjer endå fleire bergensarar til kommunen, men vi ønskjer at dei skal koma ned i bygda ved Hardangerfjorden, og ikkje berre til Kvamskogen. Ein tunnel under Kvamskogen ville korta turen mellom Norheimsund og Bergen frå godt over timen til ca. 45 minuttar, seier Knut Terje Rekve til Bergens Tidende.

Striden om kraftlina har sett kveik i heradet sine planar om eit tettare vegsamband til Bergen.

Onsdag kveld var det folkemøte i Kvam om Statnett sine planar om kraftline mellom Sima i Eidfjord og Høysæter i Samnanger.

— Møtet enda som dei andre møta, i Ulvik og Granvin. Folk vil ikkje vita noko av ny kraftline i naturen vår. Tidlegare på dagen var det møte mellom Statnett/NVE og administrasjon og politikarar. Også der var signalet frå heraden ikkje til å misforstå, seier Rekve.

I veg bak Norheimsund

— Statnett har sagt at ein eventuell sjøkabel kan leggjast fram til Norheimsund. Kvar kan han då leggjast vidare mot Samnanger?

— Statnett vurderer å ta kabelen i land ved Lid, mellom Norheimsund og Vikøy. Der kan kabelen leggjast i ein ny veg som ligg inne på kommuneplanen. Vegen går bak Norheimsund sentrum, gjennom ein tunnel, og koplar seg på Rv. 7 nord for sentrum.

— Vidare mot Samnanger er det eitt alternativ å leggja han langs Rv. 7 over Kvamskogen. Men aller helst ønskjer vi at kabelen vert lagt i tunnel under Kvamskogen. Det er dette alternativet vi vil køyra hardt på, men vi vil venta med å ta det opp for alvor til Jondalstunnelen og Hardangerbrua er avklara i Stortinget.

Kabelen heilt fram

Tunnel under Kvamskogen vil vera eit gode for trafikken både til Jondalstunnelen og Hardangerbrua. Og dersom vi i tillegg får dei planlagde tunnelane mellom Norheimsund og Fyksesund, så vil dette verta kortaste vegen frå Bergen til Hardangerbrua, seier Rekve.

— Når tunnelen er bygt og tungtrafikken er borte frå Kvamskogen, ser vi for oss at vi kan få eit betre utnytting av dagens vegtrasé, slik at vi får plass både til biltrafikk og til gang- og sykkelveg.

Tunnelen under Kvamskogen har Kvam herad så langt tenkt frå Neteland, inst inne i Steinsdalen, til Mørkhølen, som er krysset mellom Rv. 7 og fylkesvegen til Høysæter. Altså nett på staden der vegen til Kvamskogen går over i bratte svingar.

— Då er vi nesten heilt framme ved transformatorstasjonen, som er målet for høgspentkabelen, seier næringsutviklar Jan Tjosås.

<b>INN PÅ NETELAND: </b>Ein tunnel frå Norheimsund under Kvamskogen får truleg innslag på garden Neteland, inst i Steinsdalen. På biletet skimtar vi ein kvit trailer i bakgrunnen, på veg opp Rv. 7 mot Tokagjelet og Kvamskogen.<br/>FOTO: KNUT STRAND