— Heile det politiske systemet har spelt fallitt dersom politikarane i Førde må leige ein privatperson for å nå fram til politikarane i Oslo, seier SV-representant Norvall Nøringset.

I dag kjem saka fram for formannskapet i Førde. Det kan ende med nederlag for ordføraren, som sjølv som tok initiativ til å engasjere partikollegaen og den tidlegare statsråden:

— Eg lufta tanken med formannskapet alt for fleire månader sidan. Ingen av medlemene i formannskapet hadde merknader den gongen, seier Viken.

110.000 kroner

Ifølgje avtaleutkastet som formannskapet drøftar i dag, skal Kjell Opseth hjelpe

heimkommunen med næringsutviklingsarbeidet. Gjennom sitt kontaktnett skal Opseth søkje å skaffe Førde-området nye statlege og private arbeidsplassar, og sikre dei arbeidsplassane som er i området.

For dette skal han ha ei årleg godtgjersle på 50.000 kroner. I tillegg kjem meirverdiavgift, reise- og opphaldsutgifter. Planen er å engasjere Opseth frå dags dato og ut 2003. Totalt vil kostnaden liggje på rundt 110.000 kroner.

— Vi opplever det stadig vanskelegare å nå gjennom i dei politiske prosessane som skjer sentralt. Min tanke har vore å nytte nettverket Kjell Opseth har opparbeidd etter mange år som rikspolitikar og statsråd til beste for kommunen, forklarar ordføraren.

Kritiske

Men ikkje alle er oppglødde over avtalen som ordføraren ønskjer å underteikne. Etter at saka blei kjent, har den vore det store diskusjonsemnet mellom Førde-politikarane. Før dagens formannskapsmøte signaliserer fleire parti at dei vil gå mot å hyre inn Opseth. Både i Høgre, Senterpartiet og SV er skepsisen djup.

— Eg sit med ei kjensle av at vi no blir inviterte til å late Opseth gjere ein jobb vi politikarar er valde til, seier Norvald Erdal, gruppeleiar for Senterpartiet.

Erdal meiner også saka reiser prinsipielle spørsmål. Kommunen burde først avgjort om det skal hentast inn slik hjelp, for deretter å ta ein debatt på kven som i så fall skal utføre arbeidet.

— I tillegg har vi satsa sterkt på å byggje opp eit næringsutviklingsselskap i lag med nabokommunane. Mitt syn er at vi heller bør bruke pengane der, seier Sp-politikaren.

Møte seg sjølv i døra

I Høgre deler dei skepsisen.

— Frå vår side har dette også å gjere med dei verv Kjell Opseth har hatt. Det er grunn til å spørje om ikkje Opseth vil møte seg sjølv i døra relativt ofte, når han skal tale Førde si sak i korridorane han sjølv gjekk som stortingspolitikar og statsråd, seier Per Atle Holmøyvik. Han legg til at partiet ikkje har bestemt seg endeleg for kva dei skal gjere på dagens formannskapsmøte.

Fleire politikarar peikar dessutan på at det som har skjedd, kan verke som ei partiteneste mellom to politikarar som har arbeidd tett saman.

— Både lokalt og sentralt har dei hatt sentrale posisjonar i Arbeidarpartiet. Eg seier ikkje at dette er ei partiteneste, men det kan vere lett å gjere slike koplingar. Framlegget til avtale burde vore underskrive av varaordføraren, meiner Norvall Nøringset.

Førde-ordføraren meiner ikkje det er grunnlag for kritikken.

— Eg har spelt med heilt opne kort. Eg tok dette opp først med formannskapet, men avtaleutkastet er det rådmannen som har forhandla fram. Når eg står som underskrivar, er det fordi ordføraren skriv under på avtaler for kommunen, svarar Viken.