I heile 2006 skjedde det lite med området Toppesanden i Åsane. Etter at komité for miljø— og byutvikling like før årsskiftet 2005/2006 avgjorde at grunneigar ikkje fekk gjennomføre planane sine om å byggje tre høghus med totalt 60 bueiningar, er saka blitt liggjande på vent hos Grønn etat i Bergen kommune. Kommunen har eit større prosjekt på gang for å sikre friområde langs sjøen, men til no er det ikkje kome konkrete resultat ut av arbeidet.

— Vi følte vi måtte ta eit initiativ og bad om eit møte med kommunen der vi tilbaud oss å utarbeide forslag til ein privat reguleringsplan, seier Henrik Rongved, sekretær i Toppesanden Vel.

Vil lage friluftspark

I dag er 14,5 av den 27 dekar store tomta i Toppesanden regulert som friområde i ein gammal reguleringsplan. Deler av tomta er sjøareal, og heile byggjeplansområdet til grunneigar ligg innanfor 100-metersbeltet. Dersom kommunen skal ekspropriere området, må det først lagast ein ny reguleringsplan.

I eit brev til kommunen har velforeininga sett opp ein framdriftsplanen for «Toppesanden Friluftspark». Ifølgje denne planen skal forslaget til reguleringsplan vere ferdigstilt i løpet av våren 2007. Politisk behandling og kommunens kjøp av eigedomen er rekna for sluttført innan andre halvdel av 2008.

Dersom velforeininga får startsignal, vil dei gå i gang med detaljplanlegging, prosjektering og tilrettelegging av området, og vere ferdig alt innan utgangen av 2008. Velforeininga håpar på dagleg drift i byrjinga av 2009.

På annan manns grunn

— Kva tenkjer de om å lage planar for annan manns grunn?

— Området har jo vore regulert til friområde sidan 1964. Dermed har kommunen lenge hatt moglegheit til å løyse inn området.

Velforeininga har engasjert ein landskapsarkitekt og lista opp ni andre namn med ingeniør-, jordskifte- og juridisk kompetanse. Alle desse personane har postadresse Mjølkeråen, og dei vil samarbeide med kommunen i planlegging og prosjektering av området.

— I denne konkrete saka oppfattar eg det som endeleg vedteke av Bystyret at området skal forbli regulert som friområde. Toppesanden er eit av dei høgast prioriterte friområda, seier byråd for byutvikling, Lisbeth Iversen (KrF).

Grunneigar Bjørn Laberg vil ikkje kommentere saka.