Guten vart etter ulukka sendt med helikopter til Haukeland universitetssjukehus og operert der, men legane klarte ikkje å berge livet hans.

— Svært vanskeleg tid

Foreldra til guten gjekk tidleg ut i lokalavisa og uttrykte at dei ikkje klandra onkelen for det som skjedde. No må dei likevel møte i Fjordane tingrett og gje sitt vitnemål i saka mot sitt eige familiemedlem, ein mann i 40-åra.

Han er tiltalt etter straffelovas paragraf 239 for å ha valda ein annans død ved aktlaus bruk av motorvogn.

Det er seks månader sidan guten døydde av skadene han fekk, og advokaten seier det har vore ei svært vanskeleg tid for alle involverte i saka.

— Vi tek tiltalen til etterretning og bur oss no på saka, seier forsvarar for mannen, advokat Paul Inge Angelshaug til NRK Sogn og Fjordane.

- Påkjenning

Angelshaug seier han har forståing for at politiet må gjere sin jobben, men minner samtidig om at dette ikkje blir noko ordinær straffesak.

— Det er påtalemakta sin jobb å vurdere om det skal takast ut tiltale eller ikkje, og i denne saka har dei valgt å ta ut tiltale. Vi held oss til det, og bur oss no til saka, seier Angelshaug, og understrekar at det er ei vanskeleg tid for alle involverte.

— Å gjennomgå ei hovudforhandling under slike omstende kan vel alle forstå vil vere ei stor påkjenning for samtlege.

Brot på straffelova sin paragraf 239 kan straffast med bøter eller opptil tre års fengsel.