Den omstridte barnevernsleiaren i Samnanger, som òg er helse— og sosialsjef, sluttar i jobben. Det stadfester ordførar Marit Aase (KrF).

"Den einaste kommentaren eg kan gje i dag er at formannsskapet i går (12.02.14) vedtok ein framforhandla avtale mellom Samnanger kommune og barnevernsleiaren, om at han fråtrer stillinga si 30.0414", skriv ho i ein epost til BT.

Årsaken til den knappe kommentaren er at vedtaket i formannsskapet ifølgje Aase ikkje blir offentleg før tysdag.

— Eg er fornøgd

Etter det BT kjenner til ligg det i avtalen at barnevernsleiaren får med seg ein sluttpakke, mot at han seier opp jobben sjølv.

— Eg må kunne seie såpass at eg er fornøgd, seier gruppeleiar Øyvind Røen i Senterpartiet.

Han er ein av fleire politikarar som har vore kritisk til barnevernet i kommunen.

— Er det dette som skal til for at ein no får ro omkring barnevernet i Samnanger?

— Det hjelp godt på, seier Røen.

Kommunen arbeider med å få til eit samarbeid med nabokommuner om barnevernstenesten.

— Før det er skikkeleg i hamn kan vi ikkje seie å heilt har fått avgjort dette med barnevernet. Men vi har no kome eit godt steg vidare, seier han.

«Autoritær stil»

Striden om barnevernet i Samnanger vart for alvor kjent i februar i fjor, då BT skreiv om ein lege som meinte barnevernsleiaren forsøkte å presse han til å innkalle ei kvinne og hennar to barn på falske premiss.

Formålet med innkallinga skulle vere at barnevernet ville ta dei to barna.

Fylkeslegen frikjente i ettertid barnevernsleiaren, men ein omfattande, uavhengig granskingsrapport som kom i desember i fjor konkluderte med at barnevernsleiaren hadde utøvd eit «uheldig» press i saka.

I rapporten fekk han òg kritikk frå tilsette i andre etatar, som meiner han har ein «autoritær stil».

Fleire lærarar har forklart at dei har teke imot telefonsamtalar frå barnevernsleiar som dei har oppfatta som «svært ubehagelige».

Barnevernsleiaren fekk derimot skryt av dei tilsette ibarnevernet, som opplevde han som ein god og omsorgsfull leiar.